Speler inn stemmer til nytt matematikkspel

Tekst: Per Straume , Foto: Ingvild Myklebust Hovden

- Oppdatert

Selskapet Eduplaytion utviklar eit matematikkspel som heiter Numetry. No har dei inngått eit samarbeid med Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda for å gje spelet eit unikt særpreg. 

Tekst og foto: Ingvild Myklebust Hovden

– Vi ønskjer å skape truverdige karakterar og gje spelet eit unikt særpreg, seier Kristoffer Hundershagen, som er dagleg leiar i Eduplaytion.

Tidleg i prosessen har dei testa korleis elevane reagerte på bruk av nynorsknære dialekter.

– Vi fekk svært gode tilbakemeldingar, også frå elevar på Aust- og Sørlandet, fortel han.

 

 

Bakgrunn

Selskapet Eduplaytion vart etablert sommaren 2018 og har til saman ti tilsette i Noreg, Brasil, Chile og USA.

– Vi ønskjer å vidareutvikle det som gjer at barn og unge blir oppslukte av videospel, ved å kombinere leik og spel med læring og utvikling, seier Hundershagen.

I haust kom dei i kontakt med Nynorsksenteret.

– Dei tilsette ved Nynorsksenteret skal omsetje og språkvaske teksten til dataspelet. Dei har også skaffa ulike personar som har lese inn replikkar i studio ved Høgskulen i Volda, fortel Kristoffer Hundershagen.

Tilsette ved Nynorsksenteret har hatt det faglege ansvaret, medan studentar ved høgskulen har stått for teknikk og filming i studio.

– For oss er det ein fordel å samarbeide med ein stor aktør som kan løyse mange oppgåver, i staden for å bruke mange små aktørar. På Nynorsksenteret har dei folk med høg kompetanse, og det er fint at studentar får vere med på prosjektet. Det er ein vinn-vinn-situasjon for alle partar, meiner Hundershagen.

Mange skular saknar gode, digitale læremiddel på nynorsk.

– Vi opplever at tilbydarar ofte synest det er vanskeleg å legge til rette for det. Det ønskjer vi å gjere noko med, seier Anne Marta Vinsrygg Vadstein.

Thomas Ryste
Thomas Ryste speler inn stemma til karakteren Svein, som er både forskar og bestefar i matematikkspelet.

Frå Klypa til Svein

Ein av dei som er leigd inn til prosjektet, er Thomas Ryste, som står bak Klypa. Han speler inn stemma til karakteren Svein, som er både forskar og bestefar i matematikkspelet. Dette er første gongen han legg på stemme til eit dataspel.

– Eg har vore i studio og spelt inn musikk før, men ikkje lagt på stemmer til dataspel, så eg er veldig glad for å ta del i dette, seier Thomas Ryste.

– Kva er dei største skilnadene mellom å jobbe på ei scene og å jobbe i eit studio?
– Den største skilnaden må vere at eg ikkje får noko respons frå publikum. I studio har ein moglegheita til å ta opp att ting, på scena får ein berre ein sjanse, seier han.

– Kva kan ein oppnå med bruk av ulike dialekter når ein skal skape figurar?
– Ved å bruke ulike dialekter, får ein fram eit mykje større mangfald. Figurane verkar ofte meir spennande, synest han.

Thomas Ryste meiner vi bør vere stolte av språket vårt.
– Eg er ein ihuga nynorskmann frå Ivar Aasen si heimbygd, så sjølvsagt synest eg det er viktig med nynorsk både i media og i dataspel for barn og unge, seier han. 

Treng testpersonar

I februar skal ein betaversjon av dataspelet Numetry testast.

– Vi treng barn som vil vere med på å teste spelet, seier Kristoffer Hundershagen.

Han ønskjer å kome i kontakt med foreldre som har barn som går på 5. eller 6. trinn. Foreldra vil få informasjon og lenke på e-post slik at barna kan teste spelet. I samband med ei nyleg kapitalinnhenting til prosjektet har Eduplaytion fått Fagbokforlaget med på eigarsida. Dei samarbeider også med pedagogar og ekspertar, som i dette tilfellet er barna.

– Vi liker å samarbeide med kravstore elevar som er flinke til å forklare kva dei vil ha annleis i spelet, seier Hundershagen. 

Han håper at fleire barn og unge skal knekke mattekoden, og no vil dei samstundes få språkopplæring som ein del av pakken. 

Kontaktinformasjon

Kan ditt barn tenke seg å vere blant dei første som får forsøke Numetry i februar? Då sender du e-post med namnet ditt, fornamnet til barnet og kva klassetrinn det går på til kristoffer@eduplaytion.no. All data vil verte anonymisert. 

Del på