Søk ledige studium for hausten 2025

Sjølv om Samordna opptak stengde 15. april, har vi framleis andre studieplassar til hausten som du kan søkje på. Sjå dei ledige tilboda våre og søk no!

Tekst: Vilde Moltudal Igland

- Oppdatert

Del på:

Her er tilbod både for deg som vil bli ny student og deg som vil bygge på eller ta etter- og vidareutdanning. Det er mogleg å studere både på heiltid, deltid og nett.

Lokalt opptak

Det lokale opptaket går gjennom vår lokale Søknadsweb. Du som søkjar grunnutdanning må vise til generell studiekompetanse eller tilsvarande. Til nokre av vidareutdanningane og masterutdanningane våre kan spesielle opptakskrav kome i tillegg. For informasjon om opptakskrav på studiet du vil søkje på, sjå studieoversikta.


Samordna opptak

Samordna opptak sin søknadsfrist var 15. april. Her er ei samleside med spørsmål og svar knytt til søknadsprosessen. Her finn du svar på når du får stadfesta plass, kva du må gjere når tilbodet kjem, om og når du må ha politiattest, og liknande. 

Fekk du ikkje søkt i tide?

19. juli blir lista over ledige studieplassar lagt ut. Då har du ein dag på deg til å sjå om det er nokre ledige studieplassar du ønskjer å søkje på. 

Frå 20. juli kl. 09.00 kan du søkje på ledige studieplassar. Det er løpande opptak til dei ledige plassane. Det vil seie at du må søkje så raskt som mogleg frå dette tidspunktet. Viss det er fleire søkjarar enn ledige studieplassar, vil ikkje alle få tilbod om studieplass. Det er dei første som har søkt som blir vurdert for tilbod.

Lista over ledige studieplassar blir oppdatert jamleg, og det kan kome nye studium på lista etter 20. juli.

Velkommen til Volda!

Eit unikt studentmiljø og solide utdanningar er svært gode grunnar for å studere i ei bygd på Sunnmøre. Legg du til at at det er billig å bu, internasjonalt miljø og korte avstandar på og rundt campus, kan kanskje Høgskulen i Volda vere noko for deg?

Få eit innblikk i studiebygda Volda!

Del på: