Oppgang i Volda: Over tusen har fått tilbod om studieplass til hausten

Høgskulen i Volda (HVO) har gjennom Samordna opptak sendt ut tilbod om studieplass til 1054 studentar. Mediefaga er spesielt populære blant søkarane. HVO gler seg også over oppgang for utdanningane i sosialt arbeid, i planlegging, administrasjon og leiing og for grunnskulelærar 1.–7. trinn.

Studenter på campus

Tekst: Høgskulen i Volda

- Oppdatert

Del på:

Då hovudopptaket til Samordna opptak blei gjennomført rundt 20. juli 2026, fekk 1054 søkarar tilbod om studieplass ved Høgskulen i Volda (HVO). Dette er nesten tre prosent oppgang frå hovudopptaket i 2025.

I tillegg har om lag 2800 søkarar så langt fått tilbod gjennom det lokale opptaket ved høgskulen, som omfattar mastergradsprogramma og alle etter- og vidareutdanningstilbod.

– Etter dette opptaket er Volda framleis den største studiestaden i Møre og Romsdal, og det gler vi oss over, understrekar HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.

Høge søkartal til mediefag

Då søkartala til Samordna opptak blei kjende i april 2026, viste dei stabile søkartal ved HVO for det komande studieåret.

Mediefaga ved Høgskulen i Volda held fram med å vere populære. Journalistikkutdanninga har gjennom fleire tiår vore eit kjent varemerke for HVO. Denne trenden held fram, og den treårige journalistutdanninga dreg også i år flest søkarar til høgskulen.

Heile 159 søkarar har bachelor i journalistikk som førstevalet sitt, noko som gir utdanninga eit stabilt høgt søkartal.

– I Volda har vi solide utdanningar med mykje relevant praksis, noko som skaper studentar som er attraktive i arbeidsmarkanden – og dette ser vi eit resultat av nettopp her, meiner rektor Tonheim.

Fleire vil bli lærar i grunnskulen

Søkinga til grunnskulelærarutdanningar nasjonalt hadde i fleire år ein nedgang, men fekk ein oppsving på 15 prosent på landsbasis i 2025. I år har desse utdanningane igjen ein tilbakegang på 1 prosent nasjonalt – men i Volda er historia ei anna.

For tredje år på rad har grunnskulelærarutdanninga ved HVO ein oppgang i antalet søkarar. Målt mot fjoråret har 15 prosent fleire samla sett søkt seg til dei to femårige grunnskulelærarløpa i Volda.

Grunnskulelærarutdanninga for 5.–10. trinn har ein liten nedgang frå 23 til 21 søkarar, men grunnskulelærarutdanninga for 1.–7. trinn har gått opp frå 30 til 40 søkarar i år.

– Vi er veldig glade for å sjå denne trenden ved HVO. Grunnskulelærarutdanninga er ei viktig utdanning for oss som institusjon. Men ikkje minst er det ei viktig utdanning for samfunnet: Vi veit det vil vere stort behov for kvalifiserte lærarar i skulen i åra framover, kommenterer rektor Tonheim.

For barnehagelærarutdanninga, som i fjor hadde ein oppgang ved HVO og ein nedgang nasjonalt, er ikkje tala like gode i år. Ved HVO opplever denne utdanninga ein nedgang frå fjoråret.

– Barnehagelærar er eit viktig yrke som både vi og Kunnskapsdepartementet arbeider aktivt med å få fleire søkarar til. Denne jobben skal vi halde fram med, seier rektor Tonheim.

God søking til utdanningane i samfunnsfag

Tradisjonen tru er sosionomutdanninga ved HVO eit av studietilboda med høgast søkartal. I år har 133 søkarar motteke tilbod om studieplass her.

Innan sosialt arbeid tilbyr HVO også eit bachelorstudium i barnevern. Her har 61 søkarar motteke tilbod om studieplass, noko som er ein oppgang frå i fjor.

– Det er også svært gledeleg å sjå ein solid auke for bachelorstudiet i planlegging, administrasjon og leiing. Her har HVO nesten tredobla antalet tilbod om studieplassar samanlikna med fjoråret, fortel ein nøgd rektor Tonheim.

Høgskulen i Volda tilbyr også fleire utdanningar i kulturfag, og mellom desse skil bachelor i skodespel og scenekunst seg positivt ut. I hovudopptaket har antalet søkarar som har fått tilbod om studieplass gått opp frå 7 i fjor til 16 i år.

Framleis mogleg å få studieplass i Volda!

Dersom du eller nokon du kjenner, vil studere i Volda til hausten, finst det framleis moglegheiter.

Akkurat no har HVO fleire studium med ledige studieplassar med løpande opptak. Anten du vil ta ein bachelor, eit årsstudium, ein mastergrad eller ei vidareutdanning, kan du finne noko som passar for deg i Volda:

Del på: