Opning av studieåret: – De er Noregs beredskap
Då rektor Odd Helge Mjellem Tonheim opna studieåret 2026/27 ved Høgskulen i Volda, lova han dei nye Volda-studentane at dei i åra framover skal få tileigne seg kunnskapen Noreg er heilt avhengig av i framtida.

Gjennom ein varm og reflektert tale ønskte rektor Odd Helge Mjellem Tonheim dei nye studentane velkomen til Høgskulen i Volda.
Endeleg var dagen her! Høgskuleområdet vart igjen fylt av liv – og ikkje minst nye studentar som spent møtte opp til første skuledag.
Dei var ikkje aleine, ein god bråte hakket meir erfarne studentar, skal vere fadrar for dei.
Saman fekk dei vere med på opninga av nytt studieår med fine helsingar, god musikk frå medstudentar, nyttig informasjon og råd for tida som student – før dei samla seg i grupper, helste på kvarandre og for alvor starta på studieeventyret i Volda.
Samhald og støttespelarar som i VM
Ein av eventyrkarakterane vil spelast av Odd Helge Mjellem Tonheim. Kanskje ikkje den karakteren studentane vil ha mest med å gjere i kvardagen, men som kan vere nyttig å lytte til – som frå scena under opninga av studieåret.
Rektoren har aldri vore spesielt oppteken av fotball, men fekk ei ny oppleving på pub i sommar då Noreg slo Brasil i VM. Han opplevde at vilt framande folk kasta seg om halsen på kvarandre.

– Det er ikkje ballen det handlar om. Det er samhaldet, på tvers av om ein kjenner kvarandre eller ikkje. Kanskje kjende du på det same i sommar. Det er den kjensla eg ønskjer for deg her i Volda: å høyre til, å dele noko med andre. Ikkje berre no i studiestarten, men gjennom heile studietida, sa Mjellem Tonheim.
Han trakk òg parallellar til støtteapparatet til det norske landslaget med analytikarar, fysioterapeutar, kokkar og meir til.
– Du har eit apparat òg: fadrane dei første vekene, medstudentane dine, faglærarane og samtaletenestene våre. Bruk dei. Å be om hjelp er ikkje eit nederlag, det er ein studieteknikk. For studietida vert ikkje avgjord i eksamensvekene, men i alle dei vanlege dagane de møter opp, studerer og hjelper kvarandre vidare.

Rapparen som såg opp til studentar
Dette har Runar Gudnason aldri opplevd. For sjølv om den kjende rapparen, ordsmeden og filmskaparen frå Hovdebygda som barn og ungdom såg opp til studentane i nabobygda Volda, blei det aldri slik at Gudnason byrja å studere her. Då han var ung såg han på studentane som vaksne, kloke og tøffe.
Frå scena som årets hovudtalar til dei nye studentane i Volda fortalde Gudnason, om skrekken han hadde då han plutseleg slo gjennom med rapgruppa Side Brok etter at han hadde fylt tretti år. Han skulle turnere rundt om i Noreg og spele konsertar på ulike utestadar for studentar.
– Eg gløymde heile tida å tenke på at no var desse studentane fem-ti år yngre enn meg. Og eg vart like overraska kvar gong eg gjekk på scena og såg kor unge dei var. Eg har ofte humra for meg sjølv over dette, og vore fascinert av at eg ikkje heilt vert kvitt dette biletet eg har av studentar, sa Gudnason.

Grunnen til det ligg i sjølve orda. Ordet «student» var framleis det same for han som då han var liten gut fordi han aldri vart student sjølv, men flytta til Danmark og vart «studerende» i staden.
– At vi i Danmark brukte eit anna ord for «student», dét har aldri slått meg – ikkje før no, ikkje før eg skreiv denne talen. For å skrive er ikkje berre å formulere meiningar og tankar; å skrive er i seg sjølv ein måte å tenke på. Og no tenkte eg altså noko nytt fordi eg skreiv denne talen. Eg lærte noko, eg vart klokare. Det hadde sjølvsagd ikkje skjedd om eg hadde fått KI til å skrive talen for meg.
Difor konkluderte ordsmeden frå Hovdebygda, som vart tildelt Noregs Mållags målpris for 2026, slik:
– Min påstand er altså at det er i aktiv omgang med språket at me lærer, både om oss sjølve og verda rundt oss. Det er også derfor det er så spennande å studere. Og sjølv om det er mange linjer og fag på Høgskulen i Volda, så har de éin ting til felles: I tillegg til faget de har valt, studerer de òg språk og kommunikasjon alle i hop.
Kunnskap som verktøy i tøffe tider
Kunnskap var også rektor opptatt av denne høgtidsdagen. Og ikkje minst kva den har å seie i urolege tider.
Tonheim la vekt på at den viktigaste beredskapen er folk. Han trekte fram enkelte av yrka som studentane skal inn i når dei ferdige ved HVO for å tydeleggjere det.
– Planleggjaren som veit kvar vatnet tek vegen lenge før elva stig. Kulturarbeidaren som gjev oss samhald, det som gjer at vi vil stille opp for kvarandre. Læraren som byggjer dømmekraft hos ungane våre. Journalisten som held informasjonsrommet reint når løgna flaumar. Sosialarbeidaren som held lokalsamfunnet saman når krisa råkar, sa Tonheim, og følgde opp:
– Alt dette utdannar vi ved Høgskulen i Volda. Nokre av dykk som sit her i dag, skal stå i desse rollene om få år. Så når styresmaktene seier at du er ein del av Noregs beredskap, vil eg seie det endå sterkare: De er Noregs beredskap.

– Volda er som ein heim
Leiar av Studentparlamentet i Volda, Tale Rørvik Lejon, var opptatt av samhald då ho ønskte nye studentar velkomen inn i Volda-familien.
– Om du spør ein som har studert i Volda kva det beste var, så får du stort sett høyre studentmiljøet. Studentmiljøet i Volda blir ofte beskrive som akkurat passe stort. Det er ikkje for stort til å bli overvelda av, men heller ikkje så lite at ein kjenner på klaustrofobi, sa Lejon og følgde opp:
– Volda har ein tendens til å kjennast som ein heim, ofte ei bygd folk vel å bli verande i. Uansett kva interesser vi har, så har vi alle det same målet – nettopp å skape minner for livet medan vi sikrar oss ei god og målretta utdanning.

Glad vinnar av Studentprisen 2026
I tillegg til velkomsthelsinga, hadde Lejon ei oppgåve til på scena. På vegne av Studentparlamentet, Studentsamskipnaden i Volda og Høgskulen i Volda skulle ho dele ut Studentprisen 2026. Studentprisen vert delt ut kvart år for å fremje engasjement blant studentane i Volda.
Til stor applaus tok Michelle Trælnes imot prisen som bringar med seg 7500 kr.

PR, kommunikasjon og media-studenten frå Ørsta har i 2026 blitt eit kjend ansikt i høgskulen sine kanalar i sosiale medium. Trælnes har testa ut alle bachelorane ved høgskulen og laga informative og underhaldande videoar av det. Ho står sjølv bak ideen til konseptet og heile gjennomføringa.
I tillegg har ho har nytta mykje av tida si på aktivitetar som fremjar studentvelferd, mellom anna som PR-ansvarleg på Rokken, der ho har vore aktiv sidan 2024.




