Nye studentar: Sjå kvar og når du skal møte til studiestart

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Studiestart ved høgskulen er 17. og 18. august. Då skal nye studentar som tek til i førsteklasse møte i Volda. Her finn du oversikta over tidspunkt og møtestader. 

Veit du ikkje kvar Berte Kanutte-huset er? Fortvil ikkje! Du kan klikke og få opp ei kartlenke på alle møtestadane. Vi kjem til å minne deg om tid og stad når det nærmar seg studiestart. Og hugs at du alltid kan finne nyttig informasjon og hjelp på studiestartportalen vår. Alle får denne informasjonen i e-læringsportalen Canvas når de har registrert dykk. Dette kan gjerast frå 1. august.

Oppmøteinformasjon nedanfor gjeld for førsteklassingar. Alle andre studentar finn oppstartsinformasjon i Canvas. 

 

Oppmøte tysdag 17. august 2021

 

Oppmøte onsdag 18. august 2021

  • Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag heiltid kl. 09.15–15.00 (deltidsklassene møter 1. september).
    Idrettsbygget, kl 09.15 - 15.00, Ansvarleg: Bjørnar Sæterås


PS! Er du ny student og finn ikkje studiet ditt i lista over? Finn studiet ditt her og sjå under "tidspunkt og oppmøte for samlingar" inne på nettsida for studiet ditt.

Vi tek atterhald for endringar i tidspunkt og planar grunna Korona-restriksjonar eller føringar frå styresmaktene.

Del på