Ny ordning: historiestudentar får praksisperiode i studiet

Som ein del av bacheloren i historie får studentar ved Høgskulen i Volda no ein praksisperiode i kultur- og museumssektoren. For Kristoffer betyr det at han blant anna skal vere med på å lage ei utstilling om pelsdyrnæringa hos Viti – Sunnmøre museum.

Historiestudentar ved Høgskulen i Volda får praksisperiode i utdanninga

Historiestudent Kristoffer Aksnessæther Hofseth skal jobbe med ei utstilling om pelsdyr i praksisperioden sin hos Viti – Sunnmøre museum.

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Historisk institutt ved Høgskulen i Volda tek i år eit viktig steg i utviklinga av bachelorprogrammet i historie. For første gong sidan oppstarten av programmet blir praksisemnet Lokal og regional historie (HI204P) gjennomført, og instituttet har allereie oppretta kontakt med fleire solide samarbeidspartnarar i kultur- og museumssektoren på Sunnmøre.

Mange praksisplassar på gang

På noverande tidspunkt har Historisk institutt fått lovnad om praksisplassar hos IKAMR (Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal), Viti – Sunnmøre museum, Romsdalsmuseet og Nordmørsmusea.

Lista over praksisplassar er venta å vekse i tida framover, noko som vil gi studentane fleire moglegheiter til å få relevant arbeidserfaring som ein del av studiet.

Denne veka har instituttet hatt møte med både IKAMR og Viti, og tre studentar er allereie plasserte i praksis.

Hos Viti – Sunnmøre museum får studentane ta del i eit særleg spennande prosjekt: utviklinga av utstillinga PELS, som opnar torsdag 4. juni 2026.

Praksis i historiebachelor ved Høgskulen i Volda
Frå venstre: Cecilie Rørstad (konservator, samfunn og landbruk, Viti – Sunnmøre museum), Ingvil E. Grimstad (fagdirektør kulturhistorie, VITI – Sunnmøre museum) og høgskulelektor og emneansvarleg Harald Johannes Krøvel og student Kristoffer Aksnessæther Hofseth.

Spennande prosjekt for studentane

Utstillinga tek for seg pelsdyrnæringa, ei næring prega av sterke kontrastar og store samfunnsendringar. Etter at pelsdyrnæringa vart avvikla i Noreg i 2025, står viktige spørsmål att: Kva skjer med kulturarven når ei heil næring vert nedlagt ved lov? Kva spor har næringa sett, lokalt og nasjonalt?

Gjennom utstillinga blir publikum inviterte til å utforske pelsdyravlen si om lag 100 år lange historie, med særleg fokus på lokale tilhøve på Sunnmøre. Spora etter næringa finst framleis i landskapet, i arkiva, i bilete, i klesskap og i minna til menneska som arbeidde i næringa.

Samstundes løftar utstillinga blikket mot internasjonale perspektiv, mellom anna mot Canada, der moderne pelsdyrhald tok til, og mot skiftande motetrendar globalt. Endringar i internasjonal mote og haldningar til dyrehald har påverka pelsdyrbønder over heile Noreg. Utstillinga ønskjer å vise korleis denne påverknaden vart omsett til lokale tilpassingar, og korleis næringa bidrog til lokal og regional verdiskaping.

Styrke koplinga mellom studium og arbeidsliv

Historiestudentane vil i praksisperioden hos Viti bidra aktivt i arbeidet med utstillinga, mellom anna gjennom dokumentasjon, arkivarbeid, formidling og historisk analyse. Slik får dei verdifull erfaring i skjeringspunktet mellom akademisk kunnskap og praktisk kulturarbeid.

Med praksisemnet ønskjer Historisk institutt ved HVO å styrke koplinga mellom studium og arbeidsliv og samstundes bidra til å ta vare på, formidle og problematisere viktige delar av vår nære historie.

Del på: