Møt oss rundt om i landet

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

I januar og februar reiser vi rundt på utdanningsmesser og skuleturnear. Er du nysgjerrig på kva du kan studere i Volda, korleis det er å kome inn i det gode studentmiljøet eller heilt andre ting? Møt oss og still spørsmål!

Første utdanningsmesse vi deltar på er i Lillestrøm 9.-10. januar. Etter det går besøker vi fire andre byer fram til midten av februar. Her er lista over kva utdanningsmesser du kan møte kjekke studentambassadørar og tilsette frå Høgskulen i Volda.

Sjå full oversikt over utdanningsmesser, skuleturne og studentambassadørane våre.

Utdanningsmesser:
Lillestrøm: 9.-10. januar   
Bergen: 23.-24. januar
Ålesund: 27.-28. januar
Trondheim: 30.-31. januar
Oslo: 12.-13. februar

Vi skal også møte og besøke ei rekke vidaregåande skular og folkehøgskular i fylka Vestland og Møre og Romsdal. Vi startar med det på BI Campus Bergen og held turneen gåande til midten av februar.

Her er oversikten over kor og når vi reiser på skuleturné.
 

I år har Høgskulen i Volda eige Snapchat-filter. Prøv det gjerne på messa.

Del på