Miniguide til Høgskulen i Volda

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv , Foto: Jonas Közle

- Oppdatert

Høgskulen i Volda har lange tradisjonar. I årevis har fleire av landets beste lærarar og mest kjende mediefolk blitt uteksaminert frå Høgskulen i Volda. Omsorgsfulle sosionomar, dyktige samfunnsplanleggjarar, språkstjerner og historieguruar har gått opp stiane før deg. Kva veit du eigentleg om studiestaden Volda? Her er HVO på 1-2-3!

 

1.    Historia

Høgskulen i Volda vart danna for 26 år sida, gjennom samanslåing av Møre og Romsdal distrikts­høgskole Volda (DH på folkemunne) og Volda lærarhøgskule. Medan DH vart eta­blert for 48 år sidan, har lærarskulen eksistert sidan 1895. Lærarutdanninga i Volda er imidler­tid endå eldre, og daterer seg attende til 1861, då som Volda høiere Almueskole med annecteret dannelsesanstalt for Almueskolelærere. Så dette har vi drive med ei stund!

Henrik Kaarstad-huset
Henrik Kaarstad-huset

2.    Avdelingane

Høgskulen har fag- og profesjonsstudium inn­an lærerutdanning, humanistiske fag, medie­fag, samfunnsfag og kulturfag. Desse utgjer dei fire avdelingane våre.  

Avdeling for mediefag (AMF):

Her finn du Institutt for journalistikk, Institutt for kommunikasjon og Institutt for film og animasjon. 

Avdeling for kulturfag (AKF):

Avdelinga er organisert i fire seksjonar: Drama og teater, design, kunst og handverk, idrett og friluftsliv og musikk. Her finn du også SEANSE, senter for kulturproduksjon. 

Avdeling for samfunnsfag og historie (ASH):

Her finn du Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag, Institutt for sosialfag og historisk institutt. 

Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL):

Her finn du Institutt for språk og litteratur, Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag, Institutt for pedagogikk og Institutt for realfag. 
 

3.    Høgskuleområdet

Campus eller område? Uansett kva det heiter på nynorsk, er det ikkje lange biten å gå frå Kaarstad-huset i vest til Aasen-huset i aust. Vi har også starta bygginga av eit splittert nytt mediebygg, som vil stå klart hausten 2021! Sjølv om det ikkje er store tilhøve, har vi kart du kan laste ned på mobilen. Så er du sikker på å finne fram! 

Kart over campus

Fun facts

Kunnskap for framtida.

Tags

Del på