Ledige studieplassar ved Høgskulen i Volda

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Det er ikkje for seint å bli student ved Høgskulen i Volda frå hausten av. Vi har ledige studieplassar ved ei rekke studium – sjå oversikta her!

Høgskulen i Volda opplevde gode søkartal etter at Samordna opptak stengde for søking 15. april, og mange framtidige studentar vil i desse dagar få beskjed om dei har fått studieplass hos oss.

Men det er framleis mogleg å bli student ved Høgskulen i Volda, da ikkje alle studia i Samordna opptak er fullteikna. I tillegg har høgskulen ledige studieplassar i det lokale opptaket som gjeld til dømes etter- og vidareutdanningar, mastergrader og enkeltemne.

Du kan til dømes søke seg deg til grunnskulelærarutdanninga og barnehagelærarutdanninga vår, det same med bachelorgradene i historie, planlegging og administrasjon og språk og litteratur, det er heile 13 ulike mastergradar som er opne for søking og ei rekke einskilde emne og årsstudium.

SJÅ ALLE LEDIGE STUIEPLASSAR HER

 

Les også: 

Velkomen til Volda
Studiestart 2021
Det fysiske og sosiale viktig ved studiestart
 

Del på