Kva skjer i Volda?

Tekst: Per Straume , Foto: Torstein Sperstad

For studentane i Volda kjem høgdepunkta på rekke og rad i 2024! Sjå alt det morosame og sosiale som ventar i studiebygda her.

Vi har samla ei liste over arrangement og festivalar i Volda i 2024. I tillegg til dei som er lista opp her, er det mange mindre arrangement og aktivitetar, gjerne i regi av dei mange studentorganisasjonane som finst i Volda. Les meir om det nedst i artikkelen.

VEKA 10. – 24. februar

VEKA er studentveka i Volda, som byr på svært mykje moro over to veker. Den velkjende studentrevyen pangopnar tradisjonen tru VEKA og vil nok også i år by på ei rekke latterkuler. Når denne teksten blir skrive har VEKA lansert at Moyka skal lage god stemning frå scenen på Studenthuset Rokken, dei lokkar også med ein heftig klubbkveld kalt Kløbb Ka2. Rokken vil bli fylt med fleire store namn på scenen og anna underhaldning desse to vekene.

Den norske dokumentarfilmfestivalen
Foto: Joakim Riise

X2 Festivalen 11. – 13. april

Under X2 Festivalen 2023 kan du delta, eller være tilskodar, til ein haug av ekstreme sportar, interessante foredrag frå våre internasjonale foredragshaldarar, eller berre slå deg laus på konsertgolvet med nokre av dei beste artistane Norden har å by på! Snøbrett, ski både opp og ned i ville sunnmørstindar, luftsportar, skateboard, longboard, surfing, elvepadling, yoga og meir til – det er berre å glede seg.

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen (DOKFILM), truleg i mai

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen vart starta i 1997 og er med det Noregs eldste og største dokumentarfilmfestival. Den trekkjer til seg dokumentarfilmskaparar frå inn- og utland. Under festivalen samlast filmskaparar, studentar og publikum og kombinasjonen av gode filmopplevingar og feststemte medstudentar er med på å gjere festivalen til ei hending ein definitivt må få med seg.

Den norske dokumentarfilmfestivalen

Bygdepride, i mai

Bygdepride blei den første prideparaden i distrikts-Noreg då den vart marsjert i gang i 2018 med eit folkehav i paraden og langs gatene i Volda. Det var starten på eit eventyr som også held fram i 2024. Det har brukt å bli arrangert i mai. Dei siste åra har det blitt til ei veke med feiring, konsertar og fleire andre kjekke arrangement.

17. mai 

Studentane har sin eigen plass i toget under høgskulen, eller dei kan gå under andre faner i toget. Mange studentar har det veldig og sosialt på nasjonaldagen og møtes ofte til en felles frukost og har det gøy saman.

Fyrstehjelp i eksamenstida i mai

Her følger ein opp suksessen frå tidlegare år der blant anna nyttige kurs om eksamenstress, skrivehjelp, kveldsmat i kantina, ein til ein-samtalar og gode råd til bruk av kjelder vart som har vore ein braksuksess blant studentane tidlegare. 

Fadderveka i august  

Studieåret opnar med Fadderveka – ei veke fullspekka av ulike arrangement og aktivitetar. Fadrane gjer alt for at nye studentar skal få ein knallstart på studielivet i Volda – bli godt kjend med kvarandre og studiebygda. Her skapast mange vennskap som vennskap som vil vare livet ut.

Fadderveka i Volda

Forskingsdagane, mest truleg i september

Forskingsdagane brukar å gå føre seg i september. Dei gjev kvart år eit eineståande høve til å vise fram breidda i forskinga ved høgskulen til eit variert publikum både lokalt og regionalt. Her det stor breidde i arrangementa, så følg med når programmet blir sloppe.

Fyrstehjelp i eksamenstida i november

Her følger ein opp suksessen frå tidlegare år der blant anna nyttige kurs om eksamenstress, skrivehjelp, gratis frukost, kveldsmat i kantina, ein til ein-samtalar og gode råd til bruk av kjelder vart ein braksuksess blant studentane. 
Musikkfestivalen Bygdesus, med Studenthuset Rokken som scene, har tidlegare blitt arrangert i oktober. Kanskje vil den også bli arrangert da i år også.

Quiz, vinkveld,….

I tillegg til dette er det utruleg med liv og røre rundt om i Volda. Pangaia gjer mykje sosialt for alle studentar i Volda med blant anna internasjonale kvelder, på Studenthuset Rokken er det full rulle året rundt med kulturell moro. Alle studentorganisasjonane i bygda er med på å komplettere dette med sine arrangement og fine påfunn.

For dei som elskar quiz er Volda staden. På Rokken er det quiz kvar onsdag, medan Tredet, som er både ein kafé og bar, har jamleg quiz. På Tredet er det også temakveldar, konsertar, stand up og anna moro.

Temakveldar byr også restauranten Brør mat og bryggeri, som til dømes vinkveld med eigen vinkelner. 

E-sport og toppidrett

Volda er i høgste grad også ei idrettsbygd, og her er det absolutt kampar som er verdt å få med seg for den idrettsinteresserte. KFUM Volda sitt kvinnelag spelar i eliteserien i volleyball, Volda handball sitt kvinnelag gjer det same, begge spelar i den flunkande nye og flotte Volda Campus Sparebank1 Arena. Volda sitt herrelag i fotball spelar i 3. divisjon og kvinnelaget i 2. divisjon.

Er du interessert i e-sport? Volda E-sport er ein breiddeklubb som jamt og trutt arrangerer turneringar, i tillegg til treningar. Dei har mellom anna hatt turneringar i det nye mediehuset på høgskulen, der medieproduksjonsstudentar har laga mange timars livesendingar av turneringane. No er det også starta opp eige studenttilbod, følg dei på Instagram.

Hold deg oppdatert ved å følge Høgskulen i Volda på Instagram, TikTok og Facebook.

Og, berre eit lite tips til slutt, sjekk gjerne innom orstavolda.no, der finn du ei oversikt over ulike arrangement, turtips, overnatting og meir i Volda og Ørsta.

Del på