Klima- og miljørapporten for HVO: rekordlågt energi- og drivstofforbruk og mindre reising

Energiforbruket har aldri vore lågare ved Høgskulen i Volda (HVO) og det totale klimagassutsleppet går ned, viser klima- og miljørapporten for HVO for 2025.

Bibliotek og sykkelhotell ved Høgskulen i Volda

Tekst: Per Straume, Foto: Ana Ester De Miguel Ceballos

- Oppdatert

Del på:

Som sertifisert Miljøfyrtårn leverer HVO ein årleg rapport som dokumenterer miljøarbeid og målingar. Høgskulen vart i 2024 resertifisert som Miljøfyrtårn, eit sertifikat som er gyldig i tre år.

No er klima- og miljørapporten for 2025 klar.

Meir enn halvert sidan 2017

I rapporten kjem det fram at energiforbruket ved høgskulen er redusert frå 115 til 112kWh/m2 frå 2024 til 2025. Det er det lågaste forbruket høgskulen har hatt sidan målingane starta i 2017 – samanlikna med 2017 er det meir enn halvert.

Det kjem i hovudsak av at det er gjennomført effektive tiltak for energieffektivisering dei siste åra, så også i fjor. Då vart blant anna radiatorane i Berte Kanutte-huset skifta og Statsbygg sette inn varmepumper og bora brønnar for varmeutvinning.

Høgskulen seier seg ikkje nøgd med det og jobbar mot nye mål. Difor er ein i ferd med å skifte lyskjeldene til å bli ledlys i alle husa. Det er også eit mål om å redusere straumforbruket i Kaarstad-huset og redusere varmetapet i Berte Kanutte-huset.

Mindre utslepp frå flyreiser og bilkjøring

Klimagassutslepp er også eit viktig måleparameter for høgskulen. Frå 2024 til 2025 har desse utsleppa sokke frå 249 tonn CO₂e til om lag 229 tonn. Drivstofforbruket frå bilane HVO eig er det lågaste sidan målingane starta i 2017, med drygt 1300 liter brukt i 2025. Straumforbruket frå elbilane har også gått ned.

Noko av forklaringa bak dette er at to fossilbilar har blitt erstatta med ein elbil.

Talet på flyreiser har ein liten nedgang frå året før. Ser ein bort frå koronaåra 2020 og 2021, er talet flyreiser i 2025 det lågaste sidan statistikken starta i 2017.

Flinkare til å sortere avfall

I 2025 har studentane, dei tilsette og besøkande vore flinkare til å sortere organisk avfall. Ein del av dette har skjedd gjennom samarbeid med kantina. Det har vorte gitt betre informasjon kring sortering og kantina har blant anna kjøpt inn pappservise som kan kastast i matavfall.

På Kaarstad-huset er det sett opp fleire kjeldesorteringsstasjonar, som også har bidrege positivt.

Til saman har den totale sorteringsgraden ved høgskulen auka frå om lag 22 prosent i 2024 til 25 prosent i 2025. Dette er eit område høgskulen prioriterer å bli enda betre på, blant anna i samarbeid med kantina.

Fleire gode tiltak

Elles er det også gjennomført og sett i gong fleire andre gode tiltak ved HVO.

  • Berekraft i utdanning er tema i arbeidet med studieporteføljen. Arbeidet med
    berekraftig drift er i gang på ulike område og er ein del av strategiplanen for
    2022-2029.
  • Uteområda blir jamleg halde ved like og oppgradert, det er lagt til rette for biologisk
    mangfald.
  • Det er eit mål å utføre mest mogeleg miljøvennlege innkjøp og vurdere ombruk
    for innkjøp.

Del på: