Innspelsmøte om nytt demokratisenter gav stor inspirasjon

Tysdag kveld strøymde engasjerte innbyggjarar til Hans Strøm-huset for å gi innspel til eit demokratisenter som er på trappene i Volda.

Innspelsmøte for nytt demokratisenter i Volda.

Høgskulen i Volda (HVO) inviterte innbyggjarar, frivillige lag og organisasjonar til å kome med innspel til eit nytt demokratisenter i Volda. Temaet viste seg å engasjere mange.

Tekst: Tale Rørvik Lejon, Foto: HVO / Tale Rørvik Lejon

- Oppdatert

Del på:

Hausten 2025 fekk Høgskulen i Volda (HVO), i samarbeid med Norsk innovasjonssenter (NIAS), tildelt midlar frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre. Midlane skal brukast til å utforske moglegheitene for å etablere eit regionalt demokratisenter.

Tysdag kveld inviterte dei til eit ope innspelsmøte for å samle idear til det nye senteret. Både innbyggjarar, frivillige lag og organisasjonar deltok, og eit engasjert publikum kom med idear og inspirasjon til kva eit slikt senter kan innehalde.

Tilstanden til demokratiet i dag

HVO-professor og prosjektleiar Bjarte Folkestad opna møtet med å presentere demokratiet si stilling i dag. Han trekte fram viktigheita av å dyrke demokrati i ei tid der store delar av verda bevegar seg i retning av autoritære styreformer.

Folkestad viste også til fleire spennande moglegheiter med eit demokratisenter i Volda – til dømes at barn kan lære meir om lokaldemokrati ved å prøve seg som lokalpolitikar for ein dag.

Professor Bjarte Folkestad opnar møtet.
Professor Bjarte Folkestad opnar møtet.

Frivilligheita si rolle i framtida

Rebecca Riise Bjerknes, som er leiar i frivilligsentralen i Ørsta, heldt eit innlegg der ho mellom anna trekte fram viktigheita av god koordinering og samarbeid mellom kommune og frivilligheita.

Ho poengterte at det er viktig å prioritere samarbeid for å vere godt rusta i møte med behova i framtida.

– Velferdsstaten kjem til å trenge frivillige i dei komande åra for å dekkje ulike behov. Då er det viktig å prioritere koordinering av frivillige for å leggje til rette for utviklinga, sa Riise Bjerknes.

Rebecca Riise Bjerknes.
Rebecca Riise Bjerknes, som også kallar seg yrkesfrivillig, heldt innlegg om frivilligheit i Volda og Ørsta. Ho trekte fram at eit av frivilligheita sine største behov er folk.

Idémyldring i grupper

Den viktigaste delen av møtet gjekk ut på gruppearbeid og erfaringsutveksling. Alle borda fekk utdelt ark og Post-it lappar, der deltakarane først skreiv ned eigne tankar, før dei diskuterte i grupper og i plenum.

Lappane vart samla inn på slutten av møtet og skal nyttast vidare i planleggingsprosessen til demokratisenteret.

Deltakarane delte erfaringar og idear til eit nytt demokratisenter.
Deltakarane delte erfaringar og idear til eit nytt demokratisenter.
Gruppediskusjonane var levande på samtlege bord.
Gruppediskusjonane var levande på samtlege bord.
Gruppene presenterte det dei kom fram til, i plenum.
Gruppene presenterte det dei kom fram til, i plenum.

Laura Ledig, Rebecca Rist og Emily MacPherson frå Studentparlamentet deltok for å fremje studentane sine perspektiv på demokrati. Dei løfta uro rundt polarisering i sosiale medium og det at unge blir trekte i ulike retningar der verda blir svart-kvit.

Studentrepresentantane formidla også fordelane med å starte opplæring i demokrati og diskusjon frå tidleg alder for å førebygge isolasjon og eit usunt debattklima.

– Ungdomen er framtida, sa MacPherson, som poengterte at det er viktig å inkludere unge i dei demokratiske prosessane.

Rebecca Rist, Laura Ledig og Emily MacPherson
Frå venstre: Rebecca Rist, Laura Ledig og Emily MacPherson representerte studentdemokratiet ved HVO. Dei presenterte perspektiv på demokrati frå studentar og unge sin ståstad.

Del på: