Danning og demokrati: Kvinners utdanning og medbestemmelse på landsbygda (1850–1950)
Forskergruppa Kulturmøte ved Høgskulen i Volda arrangerte seminaret «Danning og demokrati: Biografi, mikrohistorie og kvinners utdanning og medbestemmelse på landsbygda, 1850–1950» den 29.–30. oktober 2026 i rom BK 220. Seminaret samla forskarar frå fleire fagmiljø for å belyse historiske perspektiv på utdanning, danning og kvinners rolle i lokalsamfunnet

Den første dagen opna med ein velkomst ved Inger Marie Okkenhaug (Professor ved ASH). Første fagsesjon tok for seg folkehøgskular og politisk danning, der Morten Øveraas (Romsdalsmuseet) heldt innlegg om folkehøgskulane mellom patriarkalisme og kvinnesak, medan Trond Bjerkås (Universitetet i Agder) belyste danning og utdanning i Søren Jaabæks familie.
Etter kaffipausa snakka Stine Stennes Hovdenakk (Nynorsk kultursentrum) om Synnøve Riste som normbrytar eller mønster. Deretter tok Anders Aschim (Universitetet i Innlandet) for seg «bondestudentar og kvinnene deira». Dagen vart avslutta med felles avreise og middag i Rekkedal.
Husmorskoler, identitet og metode
Andre dag starta med tre innlegg knytt til husmorskoler, husarbeid og demokratisk identitet:
- Inger Marie Okkenhaug presenterte husmorskoler og moderniseringa av bygde-Noreg (1915–1940) med utgangspunkt i eit enkelt kvinneliv.
- Karina Hestad Skeie (Høgskulen på Vestlandet) belyste Husmorskolen i Kroken i Sogn og Fjordane (ca. 1920–1932) gjennom eit biografisk perspektiv.
- Anemari Neple (Høgskulen i Volda) drøfta samanhengen mellom husarbeid, identitet og demokrati.
Seminaret runda av med ein sesjon vigd til metode under overskrifta «Metode: Biografi, mikrohistorie & veien videre», der Åsmund Svendsen og Harald Krøvel frå Høgskulen i Volda heldt innlegg om høvesvis biografien og forholdet mellom mikrohistorie og biografi




