Nominasjonsperiode: Pris for internasjonalisering

Pris for internasjonalisering går ein studentorganisasjon, studentfestival eller eit studentlag som har gjort ein spesielt god innsats for å inkludere internasjonale studentar, skape kontakt og bidra til mangfald og inkludering mellom norske og internasjonale studentar.

Pris for internasjonalisering

Prisen er på 10 000 kr, og blir delt ut på internasjonal dag 8. februar. Prisen vart første gong delt ut i 2017 etter initiativ frå Studentparlamentet, og i juryen sit i tillegg SiVolda, Pangaia, Internasjonalt kontor og rektoratet ved HVO. 

Både tilsette og studentar kan nominere kandidatar her

Nominasjonsfristen er 5. februar. 

Del på: