ULEMGOPPGD Masteroppgåve

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
ULEMGOPPGD
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2022 Haust
2023 Vår
Rapporteringsprogram: 
Erfaringsbasert master i undervisning og læring, deltid
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Krav til forkunnskapar

For spesialisering i norsk: ULENO3A, ULENO3B ULEMGVF

For spesialisering i matematikk: ULEMA3A, ULEMA3B og ULEMGVF

For spesialisering i samfunnsfag: ULESA3A, ULESA3B og ULEMGVF

For spesialisering i engelsk: ULEENG3A, ULEENG3B, og ULEMGVF

 

 

Om emnet

Kandidaten skal planlegge og gjennomføre eit forskingsprosjekt og dokumentere dette i ei masteroppgåve med krav om vitskapleg framstilling. Masteroppgåva skal vere eit individuelt, sjølvstendig vitskapleg arbeid. Oppgåva skal ha ein klar relevans for grunnskulen, vere fagdidaktisk og knytt til skulefaget studenten tek fordjuping i. Kunnskapsgrunnlag skal hentast frå masterfaget. Det er opning for at oppgåva kan vere knytt til pågåande FoU-arbeid ved Høgskulen i Volda.

Masteroppgåva skal vere profesjonsretta og forskingsbasert og solid forankra i fagdidaktisk forsking i masterfaget. Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig arbeid med vanlege krav til vitskapleg framstilling. 

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har avansert kunnskap innanfor fagområdet og spesialisert innsikt i eit avgrensa område
  • har inngåande kunnskap om vitskapeleg teori og metodar i masterfaget
  • kan anvende fagdidaktisk og undervisningsretta kunnskap på nye område innanfor fagområdet 
  • kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i masterfaget sin historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere og vere kritisk til ulike informasjonskjelder og anvende desse til å strukturere og formulere faglege resonnement
  • kan analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar i masterfaget og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
  • kan bruke relevante metodar for forsking og fagleg utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar i masterfaget
  • kan bruke kunnskapane og ferdigheitene sine på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistrar uttrykksformer i masterfaget
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar i masterfaget
  • kan bidra til nytenking og i innovasjonsprosessar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

I starten av semesteret vert det gjennomført tre obligatoriske undervisningsdagar. 

Oppgåvearbeidet skal gjerast individuelt med rettleiing. Rettleiinga skal nyttast til å drøfte tekstutkast, val av litteratur, gje praktiske råd om eventuell datainnsamling, og sikre at forskingsetiske retningsliner vert følgde.

Det vert gjennomført to obligatoriske oppgåveseminar der studentane presenterer sine arbeid for drøfting. 

Omfanget av og form for rettleiing til enkeltstudenten, vil variere avhengig av oppgåvetype som vert kontraktfesta i "Avtale om rettleiing og gjennomføring av masteroppgåva".

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  1. Kontrakten i «Avtale om rettleiing og gjennomføring av masteroppgåva» må vere oppfylt. 
  2. Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
  3. Levere revidert forskingsplan
  4. Det vert gjennomført obligatoriske oppgåveseminar der studentane presenterer sine arbeid for drøfting

Tidspunkt og nærare informasjon for dei ulike delane vert gitt i starten av semesteret.

Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Pål Hamre
Emnet inngår i følgande studieprogram
Erfaringsbasert master i undervisning og læring, deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MasteroppgåveIndividuellsemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter25.000 ord +- 10 %
Vurderinger:
Vurderingsform:Masteroppgåve
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:25.000 ord +- 10 %
Godkjent av: 
Arne Myklebust