ULEMA3C Problemløysing og modellering i matematikk

Emnekode: 
ULEMA3C
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Erfaringsbasert master i undervisning og læring, heiltid
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Matematikk vert brukt som reiskap i problemløysing i ulike samanhengar, både innanfor og utanfor matematikken sine eigne grenser. Matematisk modellering står ofte sentralt når matematikk vert nytta slik. Problemløysing og modellering er også viktige i eit læringsperspektiv; det ligg godt til rette for individuell elevtilpassing og inkludering i begge temaområda. 

Problemløysing og modellering brukt for å fremje tilpassa opplæring for elevar vert grundig handsama i emnet. Temaet vert analysert teoretisk og gjennom praktisk øving. I øvingane vert munnleg og skriftleg kommunikasjon, som er grunnleggjande ferdigheiter i faget, vektlagt. Bruken av verktøy er sentralt i modellering, særleg digitale verktøy. Tenleg bruk av verktøy i samband med modellering og læring vert handsama.
 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • skal ha inngåande teoretisk og praktisk kunnskap om matematisk problemløysing både som reiskap og som del av læringsprosessar
  • skal ha inngåande teoretisk og praktisk kunnskap om matematisk modellering brukt som verktøy for å løyse praktiske problemstillingar og som del av læringsprosessar
  • skal ha inngåande kunnskap i bruk av digitale verktøy i samband med problemløysing og modellering
  • skal ha inngåande kunnskap i dei delane av matematikkfaget som ligg til grunn for problemløysing og modellering, til dømes talteori og funksjonslære
Ferdigheiter

Studenten

  • skal kunne bruke digitale verktøy i problemløysing og matematisk modellering
  • skal kunne konstruere, tolke og vurdere enkle matematiske modellar i samband med praktiske problemstillingar
  • skal kunne nytte matematiske problemløysingsmetodar
  • skal kunne bruke matematisk problemløysing og modellering i arbeid med tilpassa opplæring og inkludering, og kunne vurdere slik bruk
  • skal kunne analysere elevar sine munnlege ytringar og matematiske tekstar
Generell kompetanse

Studenten

  • skal kunne dokumentere og evaluere arbeid med problemløysing og modellering i skulen
  • skal kunne ta aktiv del i faglege og utdanningspolitiske diskusjonar knytt til problemløysing og modellering
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper.
 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

  1. Individuell eller gruppevis skriftleg og munnleg presentasjon av utvalde artiklar frå pensum.
  2. Eit større arbeid med å lage ein matematisk modell innanfor eit sjølvvalt emne. Omfang om lag 4000 ord. Det skal brukast digitale verktøy.

Eit eige notat med detaljane i arbeidskrava vert utlevert ved studiestart.
 

Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Leif Bjørn Skorpen
Emnet inngår i følgande studieprogram
Erfaringsbasert master i undervisning og læring, deltid
Erfaringsbasert master i undervisning og læring, heiltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamenIndividuell 40minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100%
Vurderinger:
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 40
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100%
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust