ULEMA3A Matematikk - eigenart, læring og undervisning

Emnekode: 
ULEMA3A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Erfaringsbasert master i undervisning og læring, heiltid
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

For matematikklærarar er det viktig å ha god forståing av kva det vil seie å ha matematisk kompetanse og korleis ein best kan legge til rette for at elevar kan oppnå slik kompetanse. Dette emnet legg grunnlaget for at studentane skal oppnå slik forståing. Emnet tek opp kva matematikkens eigenart er, matematikk og matematikkdidaktikk som vitenskapsfag og ulike modellar for matematisk kompetanse. Læringsteoriar vert belyst ut frå eit matematikkdidaktisk perspektiv. Det vert særleg lagt vekt på ulike representasjonsformer og semiotiske modellar.
 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studentane

  • har inngåande kunnskap om matematikkens eigenart, samfunnsmessig og kulturelle funksjon
  • har inngåande kunnskap om kva det betyr for elevar å lære matematikk og kan sjå dette i lys av ulike læringsteoriar
  • har djupnekunnskap om ulike representasjonsformer og semiotiske modeller
  • har inngåande kunnskap om ulike strategiar, strategifattigdom, matematikkvanskar og førebygging av matematikkvanskar
Ferdigheiter

Studentane

  • kan legge til rette for tilpassa undervisning basert på forskingskunnskap
  • kan kartlegge og analysere elevar sin kompetanse/kunnskap og med utgangspunkt i dette vidareutvikle deira matematiske forståing
Generell kompetanse

Studentane

  • kan gjere greie for matematikken sin eigenart, læring og undervisning
  • kan bidra aktivt i diskusjon og utvikling av matematikk som skulefag
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper. Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §7-3.
 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

  1. Feltarbeid knytt til analyse av innsamla elevarbeid. Detaljane i arbeidskravet vert gjort greie for i eit eige notat utlevert ved studiestart.
  2. Presentasjon, med vekt på læringssyn, av ein vitenskapleg artikkel. Detaljane i arbeidskravet vert gjort greie for i eit eige notat utlevert ved studiestart.

 

Maksimumstal: 
10
Emneansvarleg: 
Frode Opsvik
Emnet inngår i følgande studieprogram
Erfaringsbasert master i undervisning og læring, deltid
Erfaringsbasert master i undervisning og læring, heiltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell3DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100%
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:3
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100%
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust