ULESA3B Digital kultur og offentlegheit

Emnekode: 
ULESA3B
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Erfaringsbasert master i undervisning og læring, heiltid
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Emnet utforskar deltaking og samhandling i digital kultur og offentligheit. Digitale media har endra vilkåra for kommunikasjon og deltaking i offentlegheita. Nye kulturuttrykk og distribusjonsformer har vakse fram og gitt digitale fellesskap. Moglegheitene for å ytre seg er meir tilgjengelege, men høva til å nå mange er ulikt fordelt.

Emnet legg vekt på spørsmål om korleis digitale media påverkar samfunnsdebatten og demokratiske prosessar, om kva moglegheiter digitale kanalar gir for deltaking i offentlegheita og for utvikling av digital identitet og medborgarskap. Emnet dreiar seg elles om korleis digitaliseringa endrar tilgangen til og forståinga av kulturuttrykk, som film, foto og litteratur. Problemstillingane blir utforska frå ulike faglege perspektiv, til dømes historisk, kjønnskritisk, etnografisk, og mediekritisk. Sentrale tema er sosiale media, digital kjeldekritikk, og digitalt medborgarskap..

Arbeidet med pensum og arbeidskrav i emnet vil bidra til å utvikle studenten si tenking omkring digital kultur og offentlegheit, og korleis ein kan stimulere til kritisk tenking og digital danning hos elevar i grunnskulen.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha:

  • djupnekunnskap om forsking om digital kultur og offentligheit
  • djupnekunnskap om digitale ferdigheiter i samfunnsfag
  • inngåande kunnskap om mediekvardagen i skule og samfunn, både i norske og internasjonale samanhengar 
  • inngåande kunnskap om den historiske bakgrunnen for dagens digitale mediesamfunn
  • inngåande kunnskap om korleis digital teknologi kan brukast i undervisningssamanheng
Ferdigheiter

Studenten

  • kan bidra til elevane si utvikling av digital medborgarskap og bevisstheit om deira ansvar og rett til deltaking
  • kan finne forsking og erfaringskunnskap som er relevant i undervisning
  • kan vurdere og bruke relevante læremidlar, digitale verktøy og ressursar i opplæringa, og gi elevane opplæring i digitale ferdigheiter
  • kan orientere seg i nasjonal og internasjonal forsking om digitale media i skulen, og bruke denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
Generell kompetanse
  • kan reflektere over samfunnsfaglege- og profesjonsetiske problemstillingar på eit avansert nivå
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom variert klasseromsundervisning, seminar og arbeid i mindre grupper. I undervisninga vert det laget  stor vekt på kritisk refleksjon og diskusjon.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  1. Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
  2. Gruppebasert arbeidskrav der studentane skal produsere ein undervisningsvideo på maksimum fem minutt. Videoen skal presenterast for medstudentar og faglærar i seminar, der gruppa skal argumentere for vala som er gjorde.
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Eirik Hammersvik
Margit Ystanes
Emnet inngår i følgande studieprogram
Erfaringsbasert master i undervisning og læring, deltid
Erfaringsbasert master i undervisning og læring, heiltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell 3DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakterStudenten skal som heimeeksamen skrive ein vitskapeleg artikkel på 2400 – 2800 ord (ikkje inkludert litteraturliste, illustrasjonar og referansar) over eit oppgitt tema. Artikkelen skal følge vanlege reglar for kjeldebruk og referansar. Ingen. 2400-2800 ord (ikkje inkludert litteraturliste, illustrasjonar og referansar)
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 3
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Studenten skal som heimeeksamen skrive ein vitskapeleg artikkel på 2400 – 2800 ord (ikkje inkludert litteraturliste, illustrasjonar og referansar) over eit oppgitt tema. Artikkelen skal følge vanlege reglar for kjeldebruk og referansar. 
Hjelpemidler:Ingen.
Omfang: 2400-2800 ord (ikkje inkludert litteraturliste, illustrasjonar og referansar)
Godkjent av: 
Randi Bergem, 9.mars 2020