ULEMA3B Matematikkens historie, geometri og algebra

Emnekode: 
ULEMA3B
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Erfaringsbasert master i undervisning og læring, heiltid
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Matematikken si historie er lang og på mange område knytt nært opp mot vår kulturelle, samfunnsmessige og historiske utvikling elles. Kunnskap om matematikken si historie er difor viktig for fullt ut å forstå delar av vår generelle historie. Kjennskap til korleis den matematiske kunnskapen har utvikla seg er også nyttig når ein ser på læring i matematikk, og når ein skal forstå kvifor matematikkfaget i skulen ser ut som det gjer. Det vert i emnet særleg lagt vekt på geometrien og algebraen si historiske utvikling, deira innhald og deira plass i skulematematikken.
 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studentane

  • har inngåande kunnskap om matematikkens historie og den rolla matematikken har spela i den generelle historiske utviklinga
  • har inngåande kunnskap om skulematematikkens historiske utvikling
  • har inngåande kunnskap i geometri og algebra, om deira plass i skulematematikken og om ulike sider ved det å lære og å undervise geometri og algebra
Ferdigheiter

Studentane

  • kan nytte element frå matematikken si historie for å fremje elevar si læring.
  • kan analysere elevar sine munnlege ytringar og matematiske tekstar, særleg innanfor algebra og geometri
Generell kompetanse

Studentane

  • kan sjå samanhengen mellom dagens skulematematikk og den historiske matematikken
  • kan forstå korleis matematikken si historiske utvikling har vore påverka av samfunnet, samstundes som den har vore med å forme samfunnsutviklinga og den skulen vi har i dag.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

  1. Førebuing til og gjennomføring av munnleg presentasjon av utvalde artiklar frå pensum. Detaljane i arbeidskravet vert gjort greie for i eit eige notat utlevert ved studiestart.
  2. Presentasjon av førsteutkast til ei skriftleg oppgåve (sjå vurdering og eksamen). Detaljane i arbeidskravet vert gjort greie for i eit eige notat utlevert ved studiestart.
Maksimumstal: 
10
Emneansvarleg: 
Hilde Opsal
Emnet inngår i følgande studieprogram
Erfaringsbasert master i undervisning og læring, deltid
Erfaringsbasert master i undervisning og læring, heiltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterIndividuell semesteroppgåve. Omfang 3800 til 4500 ord (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg). Det vert utarbeidd ein mal for den skriftlege oppgåva.
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Individuell semesteroppgåve. Omfang 3800 til 4500 ord (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg). Det vert utarbeidd ein mal for den skriftlege oppgåva.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust