IPA303 Offentleg leiing og kommunikasjon

Emnekode: 
IPA303
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2024 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Public Sector Leadership and Communication
Emnenavn på bokmål: 
Offentlig ledelse og kommunikasjon
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

I emnet  IPA 303 blir leiing og kommunikasjon i offentleg sektor sett i lys av fleire faglege perspektiv og nyare forsking. Siktemålet er å bidra til å utdanne reflekterte leiarar med kompetanse til å tolke og analysere eigen situasjon, kommunisere effektivt internt og til omgjevnadane, og ha evne til kritisk og konstruktiv vurdering av ulike modellar for og tilnærmingar til leiing og kommunikasjon. Dei ulike perspektiva blir nytta til å drøfte samfunnsstyring, demokratiteori, leiingsteori, kommunikasjonsteori, organisasjonsteori, organisasjonsutvikling, modernisering i offentleg sektor og utforming av leiingsfunksjonen.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • avansert kunnskap om utviklingstrekka og utfordringane i offentleg sektor
  • avansert kunnskap om perspektiv, teoriar og metodar som er relevante for offentleg leiing
  • avansert kunnskap om ulike modellar for og tilnærmingar til offentleg leiing og kommunikasjon
Ferdigheiter

Studenten skal ha ferdigheiter til å

  • forstå utviklingstrekka og utfordringane i offentleg sektor
  • kunne anvende teoriar om offentlege organisasjonar på ein praktisk og kreativ måte
  • kunne vurdere ulike modellar for organisering og leiing i offentleg sektor
  • forstå leiing og kommunikasjon i offentleg sektor som dynamiske og kommunikative prosessar
Generell kompetanse

Studenten skal sjølvstendig og kritisk kunne

  • vurdere ulike teoriar og modellar for offentleg organisering, leiing og kommunikasjon
  • reflektere over rolla som leiar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er lagt til tre samlingar. Det blir lagt opp til kombinasjon av fysisk og digital undervisning. 

Meir informasjon om tidspunkt for oppmøte og samlingar​ ligg her.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Godkjent arbeidskrav. 

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Lars Julius Halvorsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Barnevernsarbeid - master (deltid)
  • Helse- og sosialfag - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Oppgåveteksten blir gitt kl 09:00 fyrste eksamensdag, med innlevering kl 14:00 tredje eksamensdag. Heimeeksamenen skal skrivast utan rettleiing og den skal teste studentane sine evner til å bruke kunnskapen utvikla gjennom kurset i ein intensiv arbeidssituasjon.
Fagleg artikkel på 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, figurar, tabellar og kjeldeliste. Standard framside tel ikkje med, og innhaldsliste og vedlegg er ikkje vanleg i denne sjangeren.
Godkjent av: 
Randi Bergem 24.02.2023