SP1-110KFK Læringsmiljø og åtferd

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
SP1-110KFK
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Rapporteringsprogram: 
Spesialpedagogikk 1.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet tek føre seg samanhengar mellom leiing, åtferd, læringsmiljø og eleven sine vilkår for utvikling og læring i skulen. Tematikken blir sett på ut frå både frå individ- og systemperspektiv. Inkludering er eit grunnleggjande perspektiv i emnet. Lærarrolla, gruppe- og klasseleiing og mobbing er sentrale områder i denne samanhengen. Vi legg vekt på ei heilskapleg forståing av åtferdsvanskar, og går inn i ulike tilnærmingar for å forklare konsekvensane av ulike tiltak som vert iverksett av skulen, både inn mot klassemiljøet og mot skulen som organisasjon. Ein har fokus på tidleg innsats, knytt både til dei første stega i skuleløpet og til ei forståing der innsatsen vert sett i verk tidleg ved avdekking av behov for ei tettare oppfølging - uavhengig av kva steg eleven går på.  

Læringsutbytte

Studenten skal ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

 

Kunnskapar

Studenten skal ha grundige kunnskapar om 

  • organisasjonsperspektiv og implementeringsarbeid. 

  • ulike forklaringsmodellar og teoretiske perspektiv på åtferd og psykososialt miljø i skulen ut frå ei heilskapleg forståing. 

  • klasseleiing og læringsmiljø forankra i inkluderande haldningar og handlingar.  

  • mobbing: førebygging, avdekking og tiltak. 

  • samanhengane mellom leiing og åtferd, og konsekvensane dette har for  læringsmiljøet.   

  • tidleg innsats som generelt pedagogisk prinsipp i dei første klassestega, og som tidleg iverksetting av tiltak ved avdekking av vanskar gjennom heile skuleløpet. 

 

Ferdigheiter

Studenten skal  

  • kunne legge til rette for endrings- og innovasjonsarbeid for å utvikle og betre  læringsmiljøet.  

  • kunne analysere og forstå åtferd i eit heilskapleg individ- og systemperspektiv  

  • ha kompetanse på gruppe- og klasseleiing forankra i ein inkluderande praksis. 

  • kunne førebygge og avdekke mobbing og sette i gang  relevante tiltak.  

  • kunne arbeide med tidleg innsats som eit generelt pedagogisk prinsipp og kunne tidleg avdekke behov for tettare oppfølging for å motverke negativ utvikling. 

Generell kompetanse

Studenten skal  

  • kunne leie læringsarbeidet gjennom å auke kapasiteten til å handtere utfordringar knytt til åtferd.  

  • kunne analysere vilkår for læring og utvikle inkluderande læringsmiljø i skulen. 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nett- og samlingsbasert studium organiset i to emne på 15 studiepoeng med 3 samlingar pr. semester. Samlingane blir gjennomført i Volda, og går over to dagar kvar.  

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar , gruppearbeid og individuelt arbeid. 

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga. 

Arbeidskrav:

Arbeidskrav 1:  

Skriftleg gruppeoppgåve om oppgjeve tema. Arbeidet vert i hovudsak organisert som samskriving på nett. Omfang: 2 000 ord (+/- 10 %).    

Arbeidskrav 2:   

Munnleg individuell framlegging knytt til utvalde tema frå emnet digitalt i Canvas. 

Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Anne Randi Fagerlid Festøy
Emnet inngår i følgande studieprogram
Spesialpedagogikk 1.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell1vekeA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100 %Oppgåva skal ha form som ein artikkel.5000 ord (+/- 10 %). Føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg.
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:veke
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100 %
Kommentar:Oppgåva skal ha form som ein artikkel.
Hjelpemidler:
Omfang:5000 ord (+/- 10 %). Føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg.