PROG-510KFK Programmering, 5.-10. trinn

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
PROG-510KFK
Studiepoeng: 
7,5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Programmering, 5.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet byggjer vidare på PRG101-KFK og gir ei djupare forståing kring overgangen frå visuelle programmeringsspråk til tekstbaserte programmeringsspråk, og fordjuping i dei mest brukte tekstbaserte programmeringsspråka i skulen. Emnet gir gode høve til å utvikle eigen kompetanse i programmering og didaktikk, både det å integrere programmering i ordinære undervisningsfag og for å kunne ta fagleg ansvar for valfag programmering for ungdomstrinnet. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten skal kunne  

  • vise forståing for algoritmar og datastrukturar
  • gjere greie for ulike verktøy for visuell og tekstbasert programmering
  • vise forståing for overgangen frå visuell til tekstbasert programmering
  • gjere greie for tekstbasert programmeringsspråk til bruk i skulen
  • gjere greie for prinsippa i objektorientert programmering
  • gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til tekstbasert programmering, både generelt og knytt til grunnskulen sine fag
  • gjere greie for tekstbasert programmering som del av prototyping med mikrokontrollarar
  • gjer greie for korleis integrere prototyping med mikrokontrollar i læringsarbeidet
Ferdigheiter

Kandidaten skal kunne 

  • overføre løysingar til nye problem ved å generalisere og tilpasse eksisterande programkode og algoritmar 
  • kommentere, feilsøke og vidareutvikle program  
  • omsetje algoritmar frå visuelle programmeringsspråk til tekstbaserte programmeringsspråk 
  • skrive oversiktlige og lesbare program ved hjelpe av tekstbasert programmering 
  • planlegge, gjennomføre og evaluere undervising knytt til tekstbasert programmering og prototyping med mikrokontrollerar 
  • integrere programmering i elevar sitt læringsarbeid, knytt til grunnskulen sine fag 
  • vurdere elevarbeid som inkluderer programmering med og utan mikrokontrollar 
Generell kompetanse

Kandidaten skal kunne

  • reflektere over korleis programmering kan styrke samarbeid og djupnelæring, og stimulere entreprenørskap og kreativitet 
  • reflektere over teknologien og særskilt programmeringa sin plass i samfunnet  
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver er praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Ingen. 
Arbeidskrav: Utvalde arbeidsoppgåver vil vere markert obligatoriske i semesterplanen. Oppgåvene vil handle om å styrke eigen programmeringskompetanse gjennom praktisk produktutvikling og profesjonsfaglege digitale kompetanse knytt til programmering. 

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Torbjørn Frantsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
Programmering, 5.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100IngenStudenten skal levere ei vurderingsmappe med utvalde arbeid frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk.
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100
Kommentar:
Hjelpemidler:Ingen
Omfang:Studenten skal levere ei vurderingsmappe med utvalde arbeid frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 28.01.2020