HI100N Historisk innføringsemne

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
HI100N
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i historie, nettstudium
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
HI111N Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1536
HI112N Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1536–1870
Om emnet

Emnet skal gje studentane innføring i sentrale spørsmål og arbeidsmåtar i historiefaget som eit humanistisk og samfunnsvitskapleg fag. Det inviterer til refleksjon omkring vitskaplege grunnlagsproblem og tar opp tilhøvet mellom historiefaget og samfunnet.

Emnet er delt i to delar, ein teoridel på om lag 5 studiepoeng og ein oppgåvedel på om lag 10 studiepoeng. Formålet med oppgåvedelen av emnet er å gje studenten høve til å fordjupe seg i eitt tema (område) i norsk og / eller internasjonal historie, ved å skrive ei større fagleg oppgåve (kalla temaoppgåve) der bruken av kjelder, metode og / eller historiografi blir særleg vektlagt. Gjennom skriveprosessen skal studenten øve opp kritisk haldning til kjelder og litteratur, evne til å utvikle ei problemstilling, evne til gjere greie for hovuddelane av det valde emnet for temaoppgåva og drøfte argument for og mot ein påstand knytt til det.

Instituttet gjev kvart år rettleiing til minst eitt temaområde frå norsk og/eller internasjonal historie. Studenten skal sjølv velje hovudproblemstilling for oppgåva som skal skrivast innanfor dette temaområdet. Problemstillinga skal godkjennast av rettleiar. I tillegg til ca. 200 sider pensum som er felles for alle studentane som skriv oppgåve innanfor same temaområde, skal studenten i samråd med rettleiar finne fram til 300 sider relevant støttelitteratur for det temaet og den problemstillinga ho/han har valt for temaoppgåva.

Teoridelen gjev ei grunnleggjande innføring i historiefaget si utvikling som humanistisk og samfunnsvitskapleg fag frå antikken og fram til i dag. Det blir lagt opp eit felles pensum, sjå pensumliste. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • utvida kunnskap og innsikt i eit meir avgrensa område eller tema i norsk og/eller internasjonal historie
  • kunnskapar om historisk metode og teori
  • kunnskap om hovudtrekk i utviklinga til historiefaget og humaniora sidan antikken
  • grunnleggande kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske problemstillingar innanfor historiefaget og humaniora
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
  • bruke historiske kjelder på ein kritisk og reflektert måte i samband med skriving av fagtekstar
  • analysere sakskompleks knytt til eit avgrensa område eller tema i norsk og/eller internasjonal historie ved bruk av relevant historisk metode
  • plassere eit historisk tema frå norsk og/eller internasjonal historie i ein historiografisk samanheng i samband med skriving av fagtekstar 
  • formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, t.d. gjennom digitale medium slik som blogg
  • reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
  • sjå framveksten av eit vitskapsfelt som ledd i ei større historisk utvikling
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • vurdere historiske kjelder på ein kritisk måte
  • dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert med tre arbeidsperiodar:

a) Frå semesterstart ein innføringsperiode som gjeld oppgåvedelen av emnet, der det blir gjeve undervisning på kvart av dei aktuelle temaområda. I denne undervisninga blir det gjeve ei grunnleggjande innføring i temaet, inkludert kjelde- og litteratursituasjonen. Vidare kan det bli arrangert digitale seminar, der utkast til forskjellige element/stadium av den ferdige oppgåva skal leggjast fram for medstudentar for kommentarar.

b) Undervisning i teoridelen av emnet.

c) Framhald av oppgåvedelen og ferdiggjering av oppgåva.

All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor) skjer i eit digitalt læringssystem. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie ved Høgskulen i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det vert lagt ut rettleiingar på nettet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:

Oppgåvedelen (10 stp.)

  • Skrive utkast til temautgreiing og problemstilling med kjelde- og litteraturliste for oppgåvedelen av emnet. Utkastet skal godkjennast av faglærar. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon. 
  • Skrive ut hovuddelen av temaoppgåva og legge henne fram for medstudentar til kommentering. Utkastet skal minst ha eit omfang på 2000 ord utanom framside, innhalds- og kjelde-/litteraturliste. 
  • Kommentere temautgreiing, problemstilling og hovuddel av oppgåva frå eit antal medstudentar. Kommenteringa skal skje i tråd med nærare instruks frå instituttet.  
  • Levere eit tilnærma ferdig utkast til temaoppgåve til faglærar for godkjenning. Utkastet skal ha eit omfang på 3000-5000 ord.

Teroridelen (5 stp.)

  • Presentere eit tema knytt til teoridelen av emnet, i samsvar med plan og instruks oppsett frå instituttet. 
  • Heimeprøve i teoridelen av emnet.

Studentar som ikkje får godkjent på arbeidskrava, får ny sjanse innan ein kort frist.

Detaljane i arbeidskrava - nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – vert presiserte i eit eige skriv og lagt ut i Canvas.

Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamen må gjennomførast i same semester. Alle arbeidskrav skal gjennomførast som sjølvstendige arbeid.

Sensorordning
Minimumstal: 
8
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Harald Johannes Krøvel
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i historie, nettstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell 1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterMappa skal innehalde den ferdige oppgåva og presentasjonen av tema frå teoridelen av emnet. Eksamensmappa skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.AlleOppgåva skal ha eit omfang på 3000-5000 ord.
Munnleg justerande eksamenIndividuell 30minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren. Under munnlege eksamen skal studentane kunna gjere greie både for oppgåva, dei 500 sidene i pensum som er lagt opp i tilknyting til oppgåvedelen i emnet, i tillegg til pensumet i teoridelen av emnet.
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Mappa skal innehalde den ferdige oppgåva og presentasjonen av tema frå teoridelen av emnet. Eksamensmappa skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.
Hjelpemidler:Alle
Omfang:Oppgåva skal ha eit omfang på 3000-5000 ord.
Vurderingsform:Munnleg justerande eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 30
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100
Kommentar:Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren. Under munnlege eksamen skal studentane kunna gjere greie både for oppgåva, dei 500 sidene i pensum som er lagt opp i tilknyting til oppgåvedelen i emnet, i tillegg til pensumet i teoridelen av emnet.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Randi Bergem 21.02.2020