ENG142N Litteratur, kultur og samfunn etter 1900

Emnekode: 
ENG142N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir ei innføring i moderne litteratur, kultur og samfunn frå den engelskspråklege delen av verda etter 1900. Det omfattar eit breitt utval hendingar og tekstar frå USA, Storbritannia og dei tidlegare britiske koloniane, og gjev studentane ferdigheiter til å forstå, analysere og vurdere dette materialet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten forståing og kunnskap om:

  • dei viktigaste formelle og tematiske særtrekka ved litterære sjangrar etter 1900
  • sentrale aspekt ved historie, kultur og samfunn i Storbritannia, USA og andre engelskspråklege land etter 1900
  • grunnleggande teknikkar for litterær, kulturell og historisk analyse
  • samspelet mellom samfunnshistorie, litteratur, kunst og kultur i denne perioden
  • korleis ein skriv gode akademiske essay på engelsk

 

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

  • analysere og tolke moderne engelske litterære tekstar i ulike sjangrar ved bruk av normerte metodar for litterær kritikk
  • vurdere og tolke politiske og historiske hendingar i engelskspråklege land etter 1900
  • nytte digitale ressursar til å analysere og vurdere litteratur, kultur og samfunn
  • samanlikne og analysere samspelet mellom litterære tekstar, kunst, trendar og hendingar i denne perioden
  • skrive strukturelt og stilistisk gode akademiske essay på engelsk
Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten:

  • analysere, vurdere og framstille informasjon på ein sjølvstendig og kritisk måte
  • skrive overtydande og velstrukturerte akademiske essay
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga skjer over nett på læringsplattforma Canvas. I snitt blir det publisert ein ny leksjon kvar veke, som studenten kan studere når dei har høve. Kva leksjon tek føre seg eit bestemt tema og kombinerar skriftleg innhald, lyd og videofiler, samt diskusjonsforum. I tillegg skal studenten levere to arbeidskrav innan oppsette tidsfristar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten skal levere to arbeidskrav som må vere godkjende for at ein kan gå opp til eksamen. Den eine oppgåva er eit semesteressay på om lag 2000 ord i eit litterært emne. Studenten får kommentarar frå faglærar, og skal levere ein ny versjon av oppgåva innan ein ny fastsett frist. I den andre versjonen skal studenten kommentere dei endringane som er gjort. Begge innleveringane er obligatoriske. Det andre arbeidskravet er eit kortare samfunns- og historiearbeidskrav på opp til 1000 ord.

Studenten har høve til å levere ny versjon av arbeidskrav som ikkje vert godkjende.

Sensorordning
Maksimumstal: 
120
Emneansvarleg: 
Svenn-Arve Myklebost
Emnet inngår i følgande studieprogram
Engelsk årsstudium, nettbasert
Engelsk årsstudium, nettbasert - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Digital eksamenIndividuell6timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter1/3 Om eit kultur- og samfunnsemne
HeimeeksamenIndividuell1vekeA-F, der A er best og E er siste ståkarakter2/3 Om eit litterært emne 2000 ord.
Vurderinger:
Vurderingsform:Digital eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:6
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:1/3
Kommentar: Om eit kultur- og samfunnsemne
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:veke
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:2/3
Kommentar: Om eit litterært emne
Hjelpemidler:
Omfang: 2000 ord.
Godkjent av: 
Arne Myklebust