ENG144N Litteratur, kultur og samfunn før 1900

Emnekode: 
ENG144N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir ei innføring i engelskspråkleg litteratur, kultur og samfunn frå middelalderen fram til slutten av 1800-talet. Det omfattar eit representativt utval av historiske kjelder og litterære tekstar, og gjev studentane ferdigheiter til å forstå, analysere og vurdere dette materialet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten kunnskap og forståing om:​

  • grunnleggande hendingar, utvikling og trekk ved historia til Storbritannia, Det britiske imperiet og Dei sameinte statane fram til 1900
  • eit representativt utval av viktige litterære tekstar, sjangrar og kunstnariske røyrsler i den engelskpråklege verda fram til 1900
  • samspelet mellom samfunnshistorie, litteratur, kunst og kultur i dette området før 1900
  • grunnleggande metoder for litterær, kulturell og historisk tolking
  • korleis ein skrive gode akademiske tekstar på engelsk
Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

  • analysere historiske kjelder og vurdere biletet dei skapar av ei bestemt hending eller ein bestemt periode, ved bruk av grunnleggande metoder for historisk analyse
  • analysere og vurdere litterære tekstar frå før 1900 ved hjelp av normerte metoder for litterær analyse (i sær nærlesing og samanlikning)
  • analysere og evaluere døme på samspelet mellom samfunnshistorie og kunstnariske uttrykk, ved hjelp av normerte metoder
  • nytte digitale ressursar for auke evna til å forstå, tolke og vurdere litteratur, kultur og samfunn i den engelskspråklege verda før 1900
  • skrive strukturelt og stilistisk kompetente akademiske tekstar på engelsk
Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten:

  • analysere, vurdere og framstille informasjon på ein sjølvstendig og kritisk måte
  • skrive overtydande og effektivt på akademisk engelsk
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga går føre seg på nett, på læringsplattforma Canvas, og kombinerer tekst, bilete, lyd og video, samt diskusjonsforum og andre interaktive element. Leksjonane blir gjort tilgjengeleg om lag ein gong i veka og studenten kan studere dei ved høve. I tillegg må studenten utføre to arbeidskrav innan oppsette fristar.

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten må levere dei følgande arbeidskrava innan oppsette tidsfristar for å kunne framstille seg til eksamen:

  1. Ei analyse på 1000 ord av ei eller to historiske kjelder, der dei vurderer framstillinga av ei bestemt hending eller periode ved bruk av historisk-analytisk metode.
  2. Ein analyse på 2000 ord av to eller fleire litterære tekstar ved hjelp av normerte metoder for litteraturkritikk. Denne kan dreie seg om å tolke og vurdere spesifikke eksempel på samspelet mellom sosialhistorie og kunstnariske uttrykk.
Sensorordning
Maksimumstal: 
120
Emneansvarleg: 
Timothy Saunders
Emnet inngår i følgande studieprogram
Engelsk årsstudium, nettbasert
Engelsk årsstudium, nettbasert - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Digital eksamenIndividuell6timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter1/3Om eit historie- og samfunnsemne
HeimeeksamenIndividuell1vekeA-F, der A er best og E er siste ståkarakter2/3Om eit litterært/kulturelt emne 2000 ord
Vurderinger:
Vurderingsform:Digital eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:6
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:1/3
Kommentar:Om eit historie- og samfunnsemne
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:veke
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:2/3
Kommentar:Om eit litterært/kulturelt emne
Hjelpemidler:
Omfang: 2000 ord
Godkjent av: 
S.a.m.