HI201 Globalhistorie. Europa, Vesten og verden

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
HI201
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i historie
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Minimum 30 stp. i historie grunnemne: Enten HI101/111/111N/111N-AVG og/eller HI102/112/112N/112N-AVG og /eller HI103/113/113N/113N-AVG. Andre relevante fag kan bli vurderte etter søknad.

Om emnet

Formålet med dette emnet er – i ei tid med sterkt aukande internasjonalt samkvem – å gi

  • forståing for samfunnssystem og historiske utviklingsprosessar i ulike delar av verda
  • kunnskap om relasjonane mellom ulike sivilisasjonar og regionar

Emnet konsentrerer seg om komparative studiar av sivilisasjonar og av «det europeiske mirakel»: «Europa var i utgangspunktet et primitivt, lite interessant og underutviklet hjørne av verden som stadig var utsatt for herjinger fra mektige naboer. Gradvis ble Europa omformet til et dynamisk, utviklet og skapende samfunn med et politisk, kulturelt og økonomisk hegemoni over resten av verden» (Carlo Cipolla). Dette sitatet vil bli problematisert, og to grunnbøker (av David Landes og Robert M. Marks) med ulikt syn på den globale utviklinga frå 1400-talet og fram til om lag 2000 er sentrale i emnet. Grunnbøkene blir supplert med eit utval artiklar.

Emnet er delt inn i 10 tematiske tyngdepunkt, der mellom anna geografiske, demografiske og kulturelle trekk i forskjellige delar av verda blir drøfta, og om nokre kulturelle trekk er særeigne for (Vest)Europa eller om dei er universelle. Europas ekspansjon i Amerika og Asia i tidleg moderne tid (1500-1800), den «industriøse» og den industrielle revolusjonen i Europa får stor plass. Det same får Vestens geografiske, økonomiske og kulturelle ekspansjon på 1800- og 1900-talet, samt dei ikkje-vestlege motkreftene mot denne dominansen. Den globale fattigdomsproblematikken, forholdet mellom land i "Nord" og land i "Sør" og kva verknader den nye "globaliseringa" har på verdssamfunnet vil også bli problematisert.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • kunnskapar om framveksten av Europas og Vestens globale hegemoni, og dei ikkje-vestlege samfunna sine reaksjonar mot den vestlege dominansen
  • oversikt over ulike teoriar om interne og eksterne årsaksfaktorar bak økonomisk utvikling/underutvikling
  • forståing for ulike sider ved globaliseringa
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap for å svare på ei historisk problemstilling
  • skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gitte tidsrammer
  • kritisk reflektere over globalhistoriske framstillingar
  • reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er eit nettstudium. Det blir gitt forelesingar i Volda om det melder seg minst 8 studentar.

Innhaldet i emnet blir i tillegg formidla og utdjupa gjennom skriftlege s.k. «nettleksjonar» på om lag 10 sider, som blir distribuert via internett. Faglærarane har utarbeidd to slike leksjonar til kvart tyngdepunkt.

All undervisning har elles som føresetnad at studentane på førehand set seg inn i det aktuelle temaet i pensumet, og førebur seg til dei problemstillingane som blir tatt opp.

Alle studentar som tar emnet, blir fordelte i basisgrupper á 3-4 for gjennomføring av mappeevalueringa (sjå nedafor). Kvar gruppe får ein faglærar som rettleiar, som godkjenner arbeidskrava og gir fagleg tilbakemelding på oppgåveutkast og kommentarar til medstudentar. All innlevering av oppgåveutkast m.m. skjer i eit digitalt læringsverktøy. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjent med elementær internettbruk - navigering av nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir gitt innføringskurs i læringsverktøyet ved semesterstart, og det blir lagt ut detaljerte rettleiingar på nettet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:

  • Skrive to prosessoppgåver i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang på om lag 3000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift
  • Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver til 2 medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang på 500-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift
  • Gjennomføre ei 4 timars individuell prøve. Heimeprøva skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av prøva vert lagt ut i Canvas i god tid.

Begge prosessoppgåvene skal bearbeidast til eksamensoppgåver etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Eksamensoppgåvene skal også ha eit omfang på om lag 3000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift. Sjå under Vurdering. Detaljane i arbeidskrava (formelle krav til utforming m.m.) blir gitt i eige skriv. Arbeidskrava og eksamen må gjennomførast i same semester. Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire element i arbeidsmappa, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Alle arbeidskrava må vere godkjente for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Sensorordning
Minimumstal: 
8
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Arnljot Løseth
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i historie
Historie 4x15 stp nettstudium
Historie fordjupningsstudium
Historie årsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell 1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterEndeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei individuell mappe med to element;
◦dei to prosessoppgåvene studenten har skrive. Studenten har høve til å forbetre oppgåvene før dei vert lagde i sluttmappa. Ei av oppgåvene vert trekt ut til vurdering. Eksamensoppgåva skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.
Sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen.Ei eksamensoppgåve skal ha eit omfang på om lag 3000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei individuell mappe med to element;
◦dei to prosessoppgåvene studenten har skrive. Studenten har høve til å forbetre oppgåvene før dei vert lagde i sluttmappa. Ei av oppgåvene vert trekt ut til vurdering. Eksamensoppgåva skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.
Hjelpemidler:Sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen.
Omfang:Ei eksamensoppgåve skal ha eit omfang på om lag 3000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 25.02.19