HI208 Spania – identitetar, nasjonar, regionar

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
HI208
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i historie
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Minimum 30 stp. i historie grunnemne: Anten HI101/111/111N/111N-AVG og/eller HI102/112/112N/112N-AVG og/eller HI103/113/113N/113N-AVG. Andre relevante fag kan vurderast etter søknad.

Om emnet

Formålet med emnet er å gi studentane ei innføring i spansk historie frå siste del av mellomalderen og fram til vår tids demokratiske og uavhengige spanske stat. Hovudfokus ligg på nyare spansk historie, med særleg vekt på spenningane mellom liberale og demokratiske moderniseringsprosjekt mot meir autoritære og tradisjonalistiske ideologiar og rørsler. I tillegg kjem utviklinga av kryssande identitetar  i spenningsfeltet mellom delvis overlappande og konkurrerande regionale og nasjonale rørsler. Emnet handlar såleis, på den eine sida, om spanske nasjonale identitetar eller nasjonsbyggingsprosjekt, som til dømes den liberale 1800-talsnasjonalismen og Francoregimets nasjonalkatolisisme. På den andre sida handlar det om framveksten og konsolideringa av regionale identitetar, til dømes i Baskarland, Catalonia og Galicia. Forholdet til omverda (som Latin-Amerika, Europa/EU og NATO) blir også analysert.  Kjønnsperspektivet står sentralt, ikkje berre realhistorisk, men også idéhistorisk. Emnet tek såleis føre seg både gryande tankar om ei meir sjølvstendig kvinneleg borgarrolle i opplysningstida og den første og den andre kvinnesaksbølgja i nyare tid. Det handlar også om at synet på religion, kjønnsroller og familie medvite har vore brukt til å dra skiljeliner mellom dei ulike rivaliserande rørslene. 

Emnet er delt i 4 hovudbolkar:

  • Det spanske samfunnet frå mellomalderen til tidleg nytid - pluralisme, dynasti og einsretting.
  • Det spanske imperiet - opphav, ekspansjon og kulminasjon
  • Det liberale og det tradisjonalistiske Spania - konstitusjonelle monarki, den republikanske tradisjonen og Den 2. republikken, borgarkrigen og Franco-regimet
  • Den demokratiske autonomistaten 1975 - overgangen til demokratiet, dei autonome regionane, det vanskelege nasjonsomgrepet, økonomisk vekst og krise, arven frå Franco-tida og kampen om det historiske minnet.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • grunnleggande oversyn over moderne spansk historie og utviklingslinjene attende til det spanske imperiet og kongedømma i seinmellomalderen
  • kunnskapar om ideologiar og politiske rørsler, om kryssande identitetar og konkurrerande nasjonsbyggingsprosjekt i Spania
  • kunnskapar om Spania sitt forhold til omverda (Latin-Amerika, Europa/EU, NATO).
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • analysere og samanlikne aktørar, hendingar og strukturar innanfor det spanske samfunnet til ulike tider
  • tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk og konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • granske historiske data og litteratur, og trekke sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
  • skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
  • drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar
  • reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing.
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet vert tilbode som nettstudium. Det blir utarbeidd studiespørsmål til pensum for å lette tileigninga av stoffet – og som underlag for kollokviegrupper som studentane sjølve organiserer.

Det blir gjeve forelesingar i emnet dersom det melder seg minst 8 lokalstudentar.

Kvar student får ein faglærar som rettleiar, som godkjenner arbeidskrava og gir fagleg tilbakemelding på oppgåveutkast. All innlevering av oppgåveutkast m.m. skjer i Canvas. Det er derfor ein føresetnad at studenten er kjend med elementær internettbruk (navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer). Det blir gitt innføringskurs i desse teknikkane ved semesterstart, og det blir lagt ut detaljerte rettleiingar på nettet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane sitt sjølvsendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurdering i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:

  • Levere ei tilnærma ferdig oppgåve (førsteversjon i ein læringsprosess) i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Prosessoppgåva skal ha eit omfang på om lag 4000 ord med lineavstand 1,5 og 12 pkt skrift. Ein student som ikkje har fått godkjent på arbeidskravet, får ein ny sjanse innan ein kort frist. Etter kommentarar frå faglærar på Canvas har studenten høve til å bearbeide førsteversjonen (prosessoppgåva). Den endelege versjonen skal evaluerast og inngår i den samla karakteren.

Detaljane i arbeidskrava (formelle krav til utforming m.m.) blir gitt i eige skriv.

Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Prosessoppgåva må vere godkjend som arbeidskrav, for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og del 1 av eksamen må gjennomførast i same semester. Alle arbeidskrav skal vere sjølvstendige og individuelle arbeid.

Sensorordning
Minimumstal: 
8
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Harald Endre Tafjord
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i historie, nettstudium
Bachelorgradsstudium i historie
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell 1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter60Endeleg versjon av prosessoppgåva (jf. 1. pkt. under Arbeidskrav).
Eksamensoppgåva skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.

Begge delar må ha ståkarakter for å få endeleg karakter i emnet.
Om lag 4000 ord.
HeimeeksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter40Alle.
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:60
Kommentar:Endeleg versjon av prosessoppgåva (jf. 1. pkt. under Arbeidskrav).
Eksamensoppgåva skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.

Begge delar må ha ståkarakter for å få endeleg karakter i emnet.
Hjelpemidler:
Omfang:Om lag 4000 ord.
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:40
Kommentar:
Hjelpemidler:Alle.
Omfang:
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 28.02.19