MAT140-AVG Digitale verktøy i matematikkundervisninga

Varighet: 
2 semester
Emnekode: 
MAT140-AVG
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Digitale verktøy i matematikkundervisninga
Undervisningssemester: 
2020 Haust
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å bruke digitale verktøy i matematikkundervisinga. Emnet gjev studentane kompetanse i kritisk refleksjon over korleis, kvifor og når bruke ulike digitale verktøy i undervisninga. I emnet vil studentane også utvikle kompetanse i å reflektere rundt endringar i matematikkfaget som konsekvens av digital utvikling, og kva kompetanse ein matematikklærar treng i dag og i framtida. Emnet vil innehalde tre om lag like store delar:

  • GeoGebra. Innføring i dataprogrammet GeoGebra og korleis dette kan brukast i skulen på ulike nivå. Didaktisk bruk av programmet knytt opp mot kompetansemåla i LK06 og eksamen i tiande klasse.
  • Rekneark. Innføring i rekneark og korleis dette kan brukast i skulen på ulike nivå. Didaktisk bruk av programmet knytt opp mot kompetansemåla i LK06 og eksamen i tiande klasse.
  • Andre digitale ressursar i matematikk. Der er ei aukande mengd av tilgjengelege digitale ressursar, nettsider, nettbrett, appar, interaktive tavler, digitale spel med meir. I emnet tek vi opp didaktisk bruk av slike ressursar. Her er programmering og algoritmisk tenking ein del av emnet.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har brei kunnskap om pedagogisk bruk av digitale verktøy i matematikkundervisninga som fremjar læring
  • har undervisningskunnskap om, og i bruk av GeoGebra og rekneark i matematikkopplæringa i grunnskulen
  • har kjennskap til og undervisingskompetanse i digitale ressursar som kan fremje læring i matematikk, og kan vurdere desse mot kvarandre
  • har kjennskap til og undervisningskompetanse i algoritmisk tenking og programmering i matematikkopplæringa i grunnskulen
Ferdigheiter

Studenten

  • kan anvende spesialkunnskap i bruk av eit utvalt digitalt verktøy i matematikkundervisninga
  • kan bidra i lokalt læreplanarbeid med integrering av digitale ressursar i undervisninga
  • kan bruke digitale verktøy som reiskap for å tilrettelegge undervisninga
  • kan ta i bruk digitale verktøy ved vurdering av elevane sitt læringsutbytte
  • kan bruke programmering som prosess i matematikkundervisninga
Generell kompetanse

Studenten skal

  • kunne delta og bidra i lokalt utviklingsarbeid knytt til digital matematikkundervisning og utvikle matematikklæraren sin praksis i bruk av digitale verktøy i undervisinga
  • utvikle haldningar til, forståing for og refleksjon over bruken av digitale verktøy i matematikk
  • utvikle forståing for algoritmisk tenking og programmering i matematikk
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert med ei samling i Volda på to dagar. Nettleksjonane vert lagt ut om lag annakvar veke, og vert alle avslutta med eit lite arbeidskrav. Dette kan til dømes vere ein kort didaktisk refleksjon, ein kort video der ein løyser ei oppgåve, deltaking i eit diskusjonsforum eller av anna type. Det er eit mål at desse korte små arbeidskrava skal vere tett knytt opp mot det arbeidet ein gjer i den daglege undervisinga som lærar i matematikk.  Arbeidsoppgåver vil bli relatert til praktisk bruk av digitale verktøy i skulen. Vi legg opp til studentaktive arbeidsformer.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til samlinga i Volda, presisert og tidfesta i semesterplanen.

Arbeidskrav:

  • 3 refleksjonsoppgåver på om lag 1000 ord, kvar oppgåve vil vere knytt til kvar sin del av emnet (nemnt over). Desse refleksjonsoppgåvene vil inngå i eksamensmappa.
  • Kvar nettleksjon (modul) i Canvas vil verte avslutta med eit lite arbeidskrav, som alle må vere godkjent før ein kan framstille seg til eksamen.
Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Arve Fiskerstrand
Studieavgift

Kr. 4 000,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
Digitale verktøy i matematikkundervisninga
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell2semesterStått eller ikkje stått 100%Studenten skal levere ei vurderingsmappe med dei tre refleksjonsoppgåvene i emnet saman med ein presentasjonstekst. I presentasjonsteksten på om lag 1000 ord skal studenten presentere arbeida som er valt ut og arbeidet med dei.

Vurderingsmappa skal leverast elektronisk.
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:2
Varighetstype:semester
Karakterskala:Stått eller ikkje stått
Andel: 100%
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:Studenten skal levere ei vurderingsmappe med dei tre refleksjonsoppgåvene i emnet saman med ein presentasjonstekst. I presentasjonsteksten på om lag 1000 ord skal studenten presentere arbeida som er valt ut og arbeidet med dei.

Vurderingsmappa skal leverast elektronisk.
Godkjent av: 
Arne Myklebust