NF102U Naturfag 1 - Biologi og geofag (5-10)

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
NF102U
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Fullført lærarutdanning. Byggjer på kunnskapar tilsvarande NF101U, som må takast i føregåande haustsemester.

Om emnet

Undervisninga i NF102U, saman med NF101U, skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for naturfagundervisning i grunnskulen på 5.-10. steg (jmf. Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 5.- 10. trinn).    

Emnet tek for seg tema i biologi, geofag og fagdidaktikk. Anatomi, fysiologi, økologi og landformande prosessar er sentrale faglege tema. I fagdidaktikk blir det lagt vekt på å utvikle kompetanse og vurderingsevne i å legge til rette for elevane sin progresjon i kunnskap og ferdigheiter i naturfag. Det å kunne legge til rette for undring, utforsking og trene i argumentasjon er ein viktig del av denne kompetansen.   

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:  

Kunnskapar

Studenten skal ha  

  • kunnskap om undervisning og læring knytt til elevane si forståing av omgrep, arbeids- og tankemåtar som blir nytta i naturfag  

  • kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, lærebøker, digitale verktøy og eiga undervisning  

  • kunnskap om anatomi og fysiologi hjå plantar og dyr   

  • kunnskap om bygnad og funksjon til nokre sentrale organsystem hjå mennesket og korleis dei blir påverka av livsstil og helse  

  • kunnskap om økologi, samt korleis undervise dette tema gjennom bruk av læringsaktivitetar inne og ute  

  • kunnskap om ulike naturtypar og biologisk mangfald, samt kunne namnsette og ha kunnskap om artar tilpassa norsk natur  

  • kunnskap om ytre og indre geologiske prosessar på jorda og korleis desse har vore med på å forme landskapet  

  • kunnskap om samanhengen mellom vær, klima, ekstremvær og tidevatn 

Ferdigheiter

Studenten skal kunne  

  • planlegge, gjennomføra og reflektera over eiga undervisning i naturfag på 5.-10. steg forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på utforskande arbeidsmåtar og grunnleggande ferdigheiter  

  • gjennomføra praktisk undervisning i biologi og geofag inne og ute med bruk av relevant utstyr, vurdera nødvendige tryggleikstiltak og gjere målingar og utrekningar med og utan digitale verktøy  

  • gjennomføre undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert  knytt til relevante tema i naturfag  

 

Generell kompetanse

Studenten  

  • har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag  

  • kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag  som utgangspunkt for naturfagundervisning  

  • kan legge til rette for overgangen frå barnetrinn til ungdomstrinn og frå ungdomstrinn til vidaregåande skule   

  • kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar  

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Mesteparten av teoriundervisninga vil bli gitt via internett. Praktisk undervisning skjer på og omkring campus Høgskulen i Volda og det er to samlingar pr. semester, á 3 dagar. I samband med praktiske feltøvingar må det reknast med køyring til lokalitetar. Nærare informasjon om undervisninga vil bli gitt i semesterplanen. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav

Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7). Enkelte delar av teoriundervisninga kan bli gjort obligatorisk, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_1, §1-3-9). 

Arbeidskrav

Kvar student skal ha fått godkjent følgjande arbeidskrav:  

  • levere fagrapport frå to laboratorieøvingar/feltarbeidsøkter  

  • levere samlerapportar frå alt anna laboratorie- og feltarbeid  

  • bestå ei artsprøve basert på ei liste på 150 pensumartar  

 Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas.   

Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjend for å oppnå eksamensrett i emnet.   

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Jan Håkon Vikane
Studieavgift

Ingen.

Materialavgift

Ingen.

Emnet inngår i følgande studieprogram
Naturfag 1 (5-10)
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100%Digital eksamenIngen.
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100%
Kommentar:Digital eksamen
Hjelpemidler:Ingen.
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust