RET301 Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehagen

Emnekode: 
RET301
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2023 Haust
2024 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Mentoring
Emnenavn på bokmål: 
Veilederutdanning for praksislærere i barnehagen
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Rettleiing for praksislærarar er ei profesjonsretta utdanning for barnehagelærarar som er, eller ynskjer å bli, praksislærarar i barnehagen. I fylgje nasjonale retningsliner for barnehagelærarutdanning må alle som skal vere praksislærarar ha minimum 30 studiepoeng rettleiing. Studiet skal gi studentane kompetanse i å rettleie studentar og gjennom dette bidra til å styrke praksisopplæringa i grunnutdanninga. Studiet er ein del av strategien «Kompetanse for fremtidens barnehage - strategi for kompetanse og rekruttering 2023-2025».

Gjennom studiet får studenten omfattande kunnskap om, og innsikt i, eit breitt spekter av teoriar og metodar for rettleiing som verkty for læring og kompetanseutvikling. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing. Det blir lagt vekt på korleis rettleiing, både individuelt og i gruppe, kan styrke læring og utvikling for studentar i praksis. Studiet rettar seg også inn mot kollektive læringsprosessar. Vidare er utvikling av profesjonsidentitet, profesjonell identitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap sentralt. Eit viktig mål for emnet er at studentane utviklar eigne ferdigheiter som rettleiar og at dei kan reflektere kritisk over rettleiing og vurdering av studentar. Emnet er på 30 studiepoeng.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha inngåande kunnskap om:

  • varierte teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
  • etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i barnehagelærarprofesjonen
  • korleis rettleiing kan nyttast i praksisopplæring og kompetanseutvikling i barnehagen
  • korleis ein kan inkludere studentar i eit kritisk reflekterande fellesskap 
  • studentar og nyutdanna sine vilkår og utfordringar
  • nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing 
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • nytte forskingsbasert kunnskap om rettleiing 
  • bruke ulike rettleiingsstrategiar og -verkty
  • planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiing, sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • stimulere læring og utvikling i relasjonar og meistre kommunikasjon på ulike nivå
  • støtte og utfordre studentar gjennom fagleg og pedagogisk rettleiing
  • analysere og reflektere kritisk over rettleiingsteoriar og eigen og andre sin praksis som rettleiar  
  • vurdere eigen rettleiingspraksis i eit lærings- og danningsperspektiv
  • utøve etiske vurderingar i samband med rettleiing
  • nytte rettleiing som reiskap for kvalitetsutvikling 
Generell kompetanse

Generelt skal studentane:

  • kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar
  • ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet 
  • kunne analysere og drøfte teoriar og erfaringar med andre innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til nytenking og utvikling av god praksis
  • ha innsikt i korleis dei kan nytte seg sjølve som reiskap for å støtte barnehagelærarstudentar si utvikling av personleg og profesjonell kompetanse
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet har som mål å gjere nytte av, og vidareutvike, dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring, og legg vekt på korleis desse kan bidra til å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper der studentane rettleier kvarandre og drøftar faglege tema. Studentane skal også rettleie på eigen arbeidsplass. Skriftleg rapportering frå arbeidet med rettleiing er ein viktig læringsstrategi i studiet.

Det er til saman seks fysiske todagarssamlingar fordelt over to semester. Desse inneheld varierte arbeidsformer, som undervisning, rettleiingsøvingar, obligatorisk studentframlegg og plenumsdiskusjonar. Mellom samlingane skal det gjennomførast rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper. Det vert i tillegg gjennomført undervisning på digitale plattformer tilsvarande ei samling. Studentane må ha tilgang til datautstyr som støttar lyd og bilde, slik at dei kan ta del i digitale samlingar.

Undervegsvurdering 

Vurdering er ein viktig del av studieprosessen. Undervegs i studiet vil studentane få tilbakemeldingar på eigen rettleiingspraksis frå medstudentar og faglærarar. Det vert lagt opp til eigenvurdering blant anna gjennom skriving av fagtekstar, videopresentasjon og gjennom erfaringsdrøftingar i nettverksgruppene. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • Deltaking på seks obligatoriske todagarssamlingar og nettundervisning tilsvarande ei samling (Krav om 75 prosent oppmøte til samlingane)

Arbeidskrav:

  1. Deltaking i minimum seks samlingar i den lokale nettverksgruppa. Det skal skrivast felles logg frå møta i nettverksgruppene der det kjem fram kven som har møtt og kva som har vore innhaldet i møta. Loggen fungerer som dokumentasjon på deltaking.
  2. Gjennomføring av minimum fire rettleiingsøkter der studenten er rettleiar. Det skal skrivast individull logg frå rettleiinga der studenten reflekterer over rolla som rettleiar.
  3. Innlevering av dokumentasjon i form av to fagtekstar (kvar på 1200 ord) frå rettleiingsøkter på arbeidsplass og/eller i nettverksgruppene. Fagtekstene skal ha vekt på utvikling av eigen rettleiarkompetanse og i hovudsak nytte pensum i studiet. Fagtekstane skal vere levert og godkjent før studenten får gjennomføre eksamen.
  4. Presentasjon av, og fagleg refleksjon over, eit videoklipp frå ei rettleiingsøkt i nettverksgruppa for faglærar og medstudentar (gruppepresentasjon).
  5. Refleksjonsoppgåve om rettleiing av utviklingsarbeid i barnehagen (2500 ord). Innhaldet i oppgåva skal vere retta mot korleis barnehagen kan rettleie studentar eller tilsette i barnehagen i eit utviklingsarbeid.
Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Gerd Sylvi Steinnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehagen - Kompetanse for framtidas barnehage
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Gruppe
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Eksamen er todelt:
Munnleg gruppeeksamen med utgangspunkt i videoopptak frå rettleiing i nettverksgruppene
Heimeeksamen
Individuell
7 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Individuell, skriftleg heimeeksamen over sju arbeidsdagar .
3500 ord
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
Rettleiings- og mentorutdanning 1, bachelor fordjupingsnivå
15
Godkjent av: 
Arne myklebust