BLULSU-D Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid

Emnekode: 
BLULSU-D
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Haust
2024 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Management, cooperation and development
Emnenavn på bokmål: 
Ledelse, samarbeid og utviklingsarbeid
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
BLUBULL-D Barns utvikling, leik og læring
BLUSRLE-D Samfunn, religion, livssyn og etikk
BLUPRA2-D Praksis 2. årssteg, 30 dagar
Om emnet

Det overordna målet for kunnskapsområdet er å styrke kvaliteten i pedagogisk verksemd gjennom kompetanse i leiing. Det blir lagt vekt på korleis leiaråtferd, gjennom å ta ulike posisjonar, kan påverke og støtte barnehagen som lærande organisasjon og styrke han som lærings- og utviklingsarena for barna. 

Praksis er ein integrert del av kunnskapsområdet. Erfaringane frå praksis skal saman med teoretisk kunnskap danne grunnlag for kraftfulle og kritiske refleksjonar knytt til leiingsomgrepa.  Saman skal kunnskap, haldningar og erfaringar støtte utviklinga av eit medvete autoritetsgrunnlag som leiar og som profesjonell yrkesutøvar. 

Innhaldet bygger på den kompetansen som studenten har opparbeidd tidlegare i studiet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • Brei kunnskap om leiing og om ulike posisjonar innan leiing.
  • Kunnskap om korleis autoritetsgrunnlag og leiaråtferd påverkar menneske og prosessar i planlagt utviklingsarbeid.
  • Kjenner til og kan oppdatere seg om relevant forsking, metodar og verkøy som grunnlag for leiing, samarbeid og utviklingsarbeid.
Ferdigheiter
  • Saman med personet leie planlegging, gjennomføring og vurdering av eit mindre utviklingsarbeid i barnehagen. Det inkluderer å kartlegge og analysere pedagogiske prosessar, organisatoriske rammer, lovverk og styringsdokument som grunnlag for å vurdere og utvikle kvalitet i pedagogisk arbeid. Det omfattar også å støtte utvikling av indremotivasjon og meistring gjennom demokratiske leiingsprosessar og rettleiing.
  • Kan formidle sentralt fagstoff som omgrep, teoriar og moglege løysingar på leiingsutfordringar både munnleg, skrifteleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.
Generell kompetanse
  • Viser medvit om og tar ansvar for å leie prosessar som styrker barnehagen som lærande organisasjon og som bidrar til å utvikle kvalitet i pedagogiske prosessar - i samsvar med etiske krav og retningslinjer, jamfør samfunnsmandatet.
  • Viser medvit om eige autoritetsgrunnlag som leiar og profesjonell yrkesutøvar, eit grunnlag som bygg på kollektive,  kritiske og etiske refleksjonar rundt verdigrunnlag og oppdatert teoretisk og praktisk kunnskap. 
  • Studenten tar ansvar for eigen og andre sin profesjonsutøving og - utvikling. 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det blir gitt undervisning desentralisert på fastsette vekesamlingar i tillegg til undervisning på Zoom ein fast dag i veka.

Arbeidsmåtane er forelesing, arbeid individuelt og i gruppe, medstudentrettleiing; evnt. seminar; samt praksis i barnehagen.

Det er 17 dagar rettleidd praksis. Tema for praksis er knytt til å vere ein lærande organisasjon som utviklar kvalitet for barna. Det betyr at studenten, individuelt eller i gruppe, saman med personalet i praksisbarnehagen skal planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluere eit mindre pedagogisk utviklingsarbeid.Studentar som har same praksislærar, samarbeider om utviklingsarbeidet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøte til undervisning og studentseminar er obligatorisk, jf. forskrift om opptak, studium og eksamen § 4-6. 

For å kunne gå opp til eksamen skal studenten ha fått godkjent følgjande arbeidskrav i emnet: 

  • Levere og få godkjend to arbeidsoppgåver som vert delt ut gjennom semesteret.  

Oppgåvene er prosessorienterte og bygg på individuelt arbeid og samarbeid i grupper. Det kan omfatte samskriving, medstudentrettleiing, levering av læringslogg (evnt. refleksjonsnotat) og evaluering av oppgåva (innhald og prosess). Informasjon om krav til form og innhald kjem i Canvas ved semesterstart. 

For meir informasjon: sjå forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-7.

Sensorordning
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Hilde Muren
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Barnehagelærar - bachelor (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Hjelpemiddel kan bli tillatt.
Godkjent av: 
Arne Myklebust