BLUPRA3-D Praksis 3. årssteg, 40 dagar

Emnekode: 
BLUPRA3-D
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
0
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Barnehagelærarutdanning deltid
Undervisningssemester: 
2021 Haust
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
BLUPRA2-D Praksis 2. årssteg, 30 dagar.
BLUPRA1-D Praksis 1. årssteg, 25 dagar
Om emnet

Praksis skal bida til kontinuitet, samanheng, progresjon og ha ei klar forankring i kunnskapsområda. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 3. studieår barnehagelærarutdanning deltid er samordna med emneplanane for kunnskapsområda i 3. studieår. Desse er: Språk, tekst og matematikk (BLUSTM-D) og Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid (BLULSU-D).

Praksis skal vere rettleidd, variert og vurdert.

Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda, skal utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Studenten skal ha utvikla seg frå å være student til å bli ein profesjonsutøvar med barnehagefagleg handlingskompetanse.

Dette er nest siste praksisperiode for studenten (5 dagar 4. studieår), og studentenskal vise ein tydleg profesjonell identitet. I denne praksisperioden er det leiing av prosjekt og utviklingsarbeid som står i fokus, og studenten skal vise at han kan leie prosjekt og utviklingsarbeid samstundes med leiardagar. Studenten skal identifisere utviklingsområde, og saman med personalet gjere endringar som utviklar kvaliteten for barna. Studenten skal vise at han er trygg i samarbeidet med dei føresette og kan bygge gode relasjonar til dei.

Å bli barnehagelærar er ein prosess som krev både fagleg kunnskap, analytisk refleksjon og praktisk erfaring. Studenten skal øve i å reflektere over både korleis teori og praksis spelar saman og kva etiske utfordringar barnehagekvardagen kan by på. Studenten skal oppmuntrast til å sjølv være pådrivar for utvikling av eigen profesjonskompetanse.

Praksisopplæringa skal heile tida ta omsyn til heilskapen i læringa for barna i barnehagen, og studentane skal ta omsyn til det barnegruppa har arbeidd med før praksis når dei skal planlegge og gjennomføre sine aktivitetar.

I praksis 3. studieår skal ein ha fokus på prosjektarbeid, utviklingsarbeid og tema samanheng barnehage-skule.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • planlegging, gjennomføring og vurdering av prosjektarbeid
  • pedagogisk leiing, endringsleiing og rettleiing av personale med ulik bakgrunn og ulike føresetnader
  • relevant forsking, metodar og verktøy som grunnlag for leiings- og utviklingsarbeid
  • barnehagen som ein lærande organisasjon
  • samanheng barnehage og skule
Ferdigheiter

Studenten kan

  • aktivt ta del i læringsrike opplevingar med barn og viser evne til å tilrettelegge barns leikemiljø
  • nytte ulike observasjonsmetodar og skrive utfyllande didaktiske planar
  • leie og rettleiie ei personalgruppe gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av eit prosjekt og leiardagar
  • leie pedagogisk arbeid og ta avgjersler som fører til utvikling av barnehagen
  • vere sjølvstendig, vise ein tydleg profesjonell identitet, og kunne refelektere rundt ulike sider ved profesjonsutøvinga
  • vise relasjonell forståing og kommunikativ kompetanse og meistre samarbeid med barn, føresette og personale
  • reflektere kritisk over eigen praksis og justere denne under rettleiing.
  • finne, vurdere, vise til og formidle relevant fagkunnskap munnleg og skriftleg
  • samle inn empirisk datagrunnlag

 

Generell kompetanse

Studenten 

  • viser at han har relasjonskompetanse og kan sikre medverknad frå personalet 
  • identifiserer område som krev utviklingsarbeid og vurderer kva leiarhandlingar som er naudsynte for å skape ei ønska utvikling.
  • leier pedagogisk utviklingsarbeid og bidreg til nytenking for barnehagen
  • deltek i faglege diskusjonar innanfor utdanninga sine ulike fagområde og dele kunnskap og erfaringar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Praksisopplæringa 3. studieår deltid omfattar 40 dagar, fordelt på tre bolkar. Som ein del av førebuinga til praksis skal studenten delta på generell praksisførebuing og til praksisførebuande møte.

I samråd med styrar i praksisbarnehagane og prakssikoordinator ved høgskulen får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile tredje studieår. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden, og skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege og skriftlege vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis. Det er ein føresetnad at  praksislærar har rettleiande samtalar med studenten i det daglege arbeidet.

 Den første prakssibolka skal ha vekt på prosjektarbeid. Studenten skal planleggje, gjennomføre og vurdere eit prosjekt. I arbeidet med det, skal studenten leggje tilrette for eit leikemiljø som støttar tema for prosjektet. I tredje studieår skal alle kategoriane i ein didaktisk modell, og samanhengane mellom, dei ha fokus. Foreldresamarbeidet skal vere ein viktig del av prosjektet.

I den andre praksisbolka ha fokus på samanhengen mellom barnehage og skule. Før praksisbolka tek til, skal studenten ha oversyn over kva ulike styringsdokument seier om samanhengen mellom barnehage og skule. I praksis skal studenten sjå på heile barnehagen, og sjå på korleis det er lagt til rette for eldre og yngre barn. Dei skal også sjå etter om det er progresjon i innhaldet barna møte i barnehagen. I tillegg skal studenten samle datamateriale ved å gjennomføre eit intervju med fokus på overgangen mellom barnehage og skule

Tredje praksisbolk skal studentane saman med personalet leie arbeidet med eit mindre pedagogisk utviklingsarbeid på avdelinga/basen. Når ein leier eit utviklingsarbeid inngår det planlegging, gjennomføring og vurdering av læring og læringsprosessar i personalgruppa. Det føreset didaktisk planlegging, dvs. kunnskap om situasjonen no (kva kan dei), eit målbilde (kva ønskjer vi å kunne gjere) og tiltak (kva er god praksis, f.eks. utifrå nyare forsking).  

Studenten skal gjennomføre leiardagar i praksis der ein legg til rette for at nokre av medarbeidarane på avdelinga kan fristillast til andre oppgåver slik at studentane går som ein del av tal grunnbemanning. 

Studenten skal gjennomføre leiardagar i praksis. I 3. praksisbolk kan ein legge til rette for at nokre av medarbeidarane på avdelinga kan fristillast til andre oppgåver, slik at studentane går som ein del av tal grunnbemanning.

Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over barnehagelæraryrket og profesjonell identitet. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe. Tidleg i praksisperiodane skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar mellom partane vert klargjort. Studenten skal gjere oppsummering/konklusjon med framovermelding frå praksis året før kjent for praksislærar i den første forventingssamtalen. 

Vi viser til Praksishefte for Barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er krav om 40 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis

Arbeidskrav:

  • Studenten skal gjennomføre praktisk arbeid i tilknyting til emne BLUSTM-D 
  • Studenten skal gjennomføre praktisk arbeid i tilknyting til emne BLULSU-D
  • Studenten skal planlegge, leie og evaluere leiardagar med utgangspunkt i barnehagen si dagsrytme og overordna planar.

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrit om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.

I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten ei munnleg, rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. På slutten av første praksisbolk, skal kvar student i tillegg motta ei skriftleg midtvegsvurdering. Etter andre praksisbolk skal studenten motta ei skriftleg vurdering, før endeleg sluttvurdering med karakteren Stått/Ikkje stått blir gitt etter tredje praksisbolk. Dei skriftlege vurderingane skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærar og styrar skal trekkast inn i vurderinga. Praksislærar skal gjere løpande skikkavurdering, og gi tilbakemeldingar dersom  studenten viser manglar. Manglar på dette område kan vere grunnlag for karakteren ikkje stått. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren Stått i praksis. I tillegg må kravet om 100% frammøte vere stetta.

Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren ikkje stått i praksis: Studenten skal som hovudregel motta skjema 1, varsel om fare for ikkje stått i praksis, før karakteren kan setjast til ikkje stått.  Dersom ein student får karakteren ikkje stått i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode etter avtale med praksiskoordinator. Studenten skal få særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ikkje stått, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten treng øving i. Får studenten ikkje stått også i denne ekstra praksisperioden, må studenten avbryte studiet.

Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Hanne Elin Harnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
Barnehagelærarutdanning deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
PraksisIndividuell-Stått eller ikkje ståttDet vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i Praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.
Vurderinger:
Vurderingsform:Praksis
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:Stått eller ikkje stått
Andel:
Kommentar:Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i Praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust