BLUFSPMD Småbarnspedagogikk med vekt på musikk og drama

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
BLUFSPMD
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Barnehagelærarutdanning
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

BLUBULL/-D, BLUSRLE/-D og BLUNHR/-D

Om emnet

Dette fordjupingsemnet er valbart for både heiltids- og deltidsstudentane ved HVO. Fordjupningsemnet Småbarnspedagogikk med vekt på musikk og drama er særskilt retta mot arbeidet med barn under tre år. Emnet har ei fleirfagleg, allsidig og forskingsbasert tilnærming til kunnskap om dei yngste barna. Ulike vitskapelege og teoretiske retningar er representert. Emnet omhandlar den profesjonelle barnehagelæraren si rolle i arbeidet med barn, foreldre og medarbeidarar. Undervisninga legg vekt på fordjuping innan tema omsorg, leik, relasjonar og deltaking, med eit spesielt fokus på faga musikk og drama. Emnet skal bidra til utvida kunnskapar og ferdigheiter i pedagogisk og estetisk arbeid med dei yngste barna i barnehagen.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha:

  • utvida kunnskap om og forståing av dei yngste barna sin leik, læring og utvikling på bakgrunn av relevant og nyare forsking
  • utvida kunnskap om og forståing av dei yngste barna sine veremåtar og perspektiv
  • utvida kunnskap om og forståing av deltaking og medverknad når det gjeld dei yngste barna i barnehagen 
  • kunnskap om livsmestring og psykisk helse i arbeid med dei yngste barna 
  • særleg kunnskap om og forståing av foreldresamarbeid og foreldremedverknad i arbeid med dei yngste barna 
  • innsikt i eiga rolle som barnehagelærar, omsorgsperson og kulturformidlar for og med dei yngste barna 
  • utvida kunnskap om korleis fagområda musikk og drama kan bidra med innhald og arbeidsmåtar som imøtekjem dei yngste barna sine veremåtar, interesser og behov
  • kunnskap om kunst for og med dei yngste barna
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • bruke fagområda musikk og drama i pedagogisk arbeid med dei yngste barna
  • planlegge, gjennomføre, dokumentere og vurdere pedagogisk arbeid med dei yngste barna
  • ivareta dei yngste barna sin rett til medverknad, og kunne reflektere over korleis makt og diskursar kan påverke barnehagekvardagen for dei yngste 
  • nytte fagleg innsikt og kompetanse i relasjonsarbeid med barn, foreldre og personale
  • tilrettelegge og leie estetiske prosessar med barn og personale i barnehagen
  • utvikle og ta i bruk eigne ferdigheiter i musikk og drama
  • ta i bruk kropp og stemme i arbeid med dei yngste barna
  • nytte ukulele og ulike rytmeinstrument i arbeid med barn under tre år
Generell kompetanse

Studenten

  • har brei teoretisk og praktisk kjennskap til pedagogisk og estetisk arbeid i barnehagen med dei yngste barna i barnehagen
  • skal kunne ta i bruk fordjupa fagleg kunnskap og profesjonelt skjønn for å ivareta dei yngste barna sine behov for omsorg og leik, rett til medverknad, og fremme dei yngste barna si læring og danning.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet er forelesingar, arbeidsverkstadar og praktisk arbeid, sjølvstudium og arbeid i grupper, samt gjennomføring av studentpresentasjonar. Studentane sine erfaringar frå praksis vert tekne med inn i undervisninga og i studentane sine arbeidskrav. Emnet inneheld fem dagar rettleia praksis i barnehage.

Det inngår ein frivillig studietur over fire dagar. Studentane må rekne med utgifter til mellom anna transport, overnatting og billettar til eventuelle arrangement, samt ei studieturavgift på kr. 500,-. Dei studentane som ikkje har høve til å delta, gjennomfører eit alternativt opplegg.

Undervisninga vert knytt opp til desse overordna emna :

  • Den profesjonelle barnehagelærar
  • Dei yngste barna sin leik, læring og utvikling
  • Dei yngste barna sine væremåtar og perspektiv
  • Overgangar og tilvenning
  • Foreldresamarbeid
  • Det fysiske miljøet
  • Omsorg
  • Musikk for og med dei yngste
  • Drama for og med dei yngste
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav:

  1. Praktisk arbeidskrav i drama med individuelt skriftlig refleksjonstekst på 1000 ord (+/- 10%)
  2. Individuell presentasjon for klassen og individuell skriftleg teori- og praksisbasert refleksjonstekst på 2000 ord (+/- 10%) basert på småbarnspedagogikk og erfaringar frå praksis.
  3. Presentasjon i grupper med utgangspunkt i opplevingar frå studietur/alternativ studietur.
  4.  Praktisk arbeidskrav i musikk med individuelt skriftlig refleksjonstekst på 1000 ord (+/-10%)

Frammøte til undervisning/deltaking er obligatorisk etter gjeldande reglar. Jmf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Kristin Rostad Gangstad
Materialavgift

Det inngår ein frivillig studietur over fire dagar. Studentane må rekne med utgifter til mellom anna transport, overnatting og billettar til eventuelle arrangement, samt ei studieturavgift på kr. 500,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
Barnehagelærarutdanning
Barnehagelærarutdanning deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamenIndividuell eller gruppe (etter avtale) 1DagA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 50 Obligatorisk rettleiing i forkant av praktisk eksamen
HeimeeksamenIndividuell 19DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter503000 ord (+/- 10%)
Vurderinger:
Vurderingsform:Praktisk eksamen
Gruppering:Individuell eller gruppe (etter avtale)
Varighet: 1
Varighetstype:Dag
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 50
Kommentar:
Hjelpemidler: Obligatorisk rettleiing i forkant av praktisk eksamen
Omfang:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet: 19
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:50
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:3000 ord (+/- 10%)
Godkjent av: 
Arne Myklebust