BLUSRLE-D Samfunn, religion, livssyn og etikk

Emnekode: 
BLUSRLE-D
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
20
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Barnehagelærarutdanning deltid
Undervisningssemester: 
2019 Haust
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Kunnskapsområdet rettar merksemda mot barnehagen sitt samfunnsmandat og verdigrunnlag i eit samfunn prega av mangfald. Moglegheiter og utfordringar knytt til møte mellom menneske med ulik bakgrunn, som fleirkulturalitet, religion, livssyn og etikk, er aktuelle i barnehagen. Kunnskapsområdet skal utdanne studentane til å møte desse utfordringane ved å sette i gang individuelle danningsprosessar til barnehagelærarprofesjonen.

Verdiane i formålsparagrafen ligg til grunn for alt arbeid i barnehagen. Desse verdiane skal også støtte barnehagens rolle i samfunnet. Det krev at barnehagepersonalet har kunnskap om og respekt for ulike kulturar, religionar og livssyn. Verdiane i barnehagelova og rammeplanen skal aktualiserast i kunnskapsområdet.

Kunnskapsområdet byggjer i hovudsak på faga samfunnsfag, religion, livssyn, etikk og pedagogikk. Undervisninga skal bruke relevant forsking frå kunnskapsområdet og tydeleggjere ei barnehagepedagogisk og fagdidaktisk tilnærming. Praksis inngår som ein integrert del av emnet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • verdigrunnlaget til barnehagen og kva dette inneber i praksis i det norske, fleirkulturelle samfunnet samt kunnskap om samiske kulturar og samar sine rettar som urfolk
  • samfunnsutvikling med vekt på mangfald, inkludering, demokrati, velferdsstaten og sosial utjamning
  • barndom, barnehage og familie i eit historisk, notidig og framtidig perspektiv
  • barn sine dannings- og sosialiseringsprosessar, samt barns reaksjonar i vanskelege livssituasjonar
  • dei store verdsreligionane og ulike livssyn, med særskilt fokus på religiøse høgtider og møte med religiøs praksis
  • etisk teori og kritisk refleksjon med særskilt omsyn til aktuelle utfordringar i barnehagen, digitale utfordringar og bærekraftig utvikling
  • aktuelle lover og forskrifter som regulerer barnehagedrifta
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • praktisere, formidle og grunngi innhaldet i barnehagen sitt samfunnsmandat og verdigrunnlag
  • reflektere kritisk over eigne verdiar, haldningar og veremåtar
  • samtale med barn om etiske, religiøse, filosofiske og livssynsmessige spørsmål
  • formidle forteljingar frå ulike religionar og i samarbeid med heimen legge til rette for markering av høgtider og merkedagar
  • legge til rette for barn si medverknad og stimulere til demokratiforståing og demokratisk praksis
  • gi barna opplevingar knytt til tradisjonar og læringsmoglegheiter i samfunnet som omgir barnehagen
  • bruke digital forteljing som verktøy i arbeid med dokumentasjon og refleksjon
Generell kompetanse

Studenten:

  • har kompetanse i å arbeide tverrfagleg og profesjonelt i barnehagen
  • har kompetanse i å identifisere profesjonsetiske utfordringar i barnehagen sitt kvardagsliv, reflektere kritisk over desse og grunngi eigne handlingsval
  • har kompetanse i å samarbeide med barn og føresette med sikte på å skape ein inkluderande fellesskap
  • har kompetanse i å sjå samanhengar mellom individ, gruppe og samfunn og relatere desse samanhengane til praksis
  • har kompetanse i digital praksis og dømmekraft i bruk av digitale ressursar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga i dette emnet går over to semester. Arbeidsmåtane er forelesingar, gruppearbeid, studentseminar i gruppe .Undervisning blir gitt i vekesamlingar på campus og via konferansesystemet Adobe Connect. 

Didaktikk og praktisk barnehagearbeid står sentralt i emnet sine arbeidskrav. Dette skal sikre at dei kunnskapsbaserte læringsutbytta kan visast att i praksis som ferdigheiter for den profesjonelle barnehagelæraren. Emnet inneheld rettleia praksis i barnehage. Sjå meir informasjon om praksis i emneplan for praksis, BLUPRA1 -D. Studenterfaringane frå praksis vert tatt inn i undervisninga og studentane sine arbeidskrav.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøte til undervisning og studentseminar er obligatorisk, jf. forskrift om opptak, studium og eksamen § 4-6.

For å kunne gå opp til eksamen skal studenten ha fått godkjent følgjande arbeidskrav i emnet:

  1. Studentseminar i gruppe.
  2. Ei individuell, skriftleg oppgåve, 1500 ord, +/- 10%.
  3. Ei individuell digital historieforteljing etter praksis. 
Sensorordning
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Jostein Garcia de Presno
Emnet inngår i følgande studieprogram
Barnehagelærarutdanning deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell3DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter2500 ord +/- 10%.
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:3
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:2500 ord +/- 10%.
Godkjent av: 
Anne Øie