BLUSTM-D Språk, tekst og matematikk i barnehagelærarutdanninga - deltid

Varighet: 
2 semester
Emnekode: 
BLUSTM-D
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
2020 Vår
Rapporteringsprogram: 
Barnehagelærarutdanning deltid
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

I dette kunnskapsområdet vert barns språklege, omgrepsmessige, matematiske og tekstkulturelle utvikling tematisert. Desse utviklingsområda er viktige for barns leik, læring og danning, og er avgjerande for at barn kan utvikle relasjonar til andre menneske og fungere sosialt i eit fleirspråkleg, fleirkulturelt og demokratisk samfunn. Innhaldet i kunnskapsområdet dreiar seg om barns språk og språkutvikling, barnelitteratur og mediekultur og barns matematiske meiningsskaping, kreative undring og problemløysning. I dette kunnskapsområdet fokuserer vi på barnehagelærarens rolle og ansvar for å gje barn varierte erfaringar med tilpassa språklege, litterære og matematiske aktivitetar. Kunnskapsområdet skal sikre studenten ein kompetanse som gjev alle barnehagebarn ei best mogleg språk- og matematikkutvikling, også når det gjeld ein god overgang mellom barnehage og skule.

Kunnskapsområdet kombinerer forskingsbasert og praksisnær kunnskap om språk- og matematikkutvikling, dokumentasjon og vurdering. Kunnskapsbasen byggjer på faga norsk, matematikk og pedagogikk. Undervisninga vil tydeleggjere ei barnehagepedagogisk tilnærming og fagdidaktisk forsking knytt til kunnskapsområdet, der profesjonsfagleg digital kompetanse og praksis inngår som ein integrert del. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:​

  • barns matematiske utvikling, barns munnlege og skriftlege språk og språkutvikling, barns språk- og lesevanskar, språkleg mangfald og fleirspråklegheit 
  • korleis barn tileignar seg dialogferdigheiter og korleis dei skapar meining med og uttykker seg gjennom ulike teiknsystem 
  • skjønnlitteratur og sakprosa for barn, sjangrar frå munnlege forteljartradisjonar og moderne tekst- og mediekulturar 
  • barns problemløysingskompetanse og omgrepsutvikling i matematikk og har kunnskap om verdien av å utvikle positive haldningar til matematikk, språk og språkmangfald 
  • tal, teljing, rekning, talsystem, måling, rom, form, mønster og symmetri tilpassa aldersgruppa, og matematikk som verktøy for systematisk utforsking og tenking 
  • leikens verdi for språk- og matematikklæring 
  • samanhengen mellom barnehage og skule 
  • samisk kultur og forteljetradisjon 
  • estetiske og kroppslege aspekt ved barns språklege og matematiske utvikling 
Ferdigheiter

Studenten kan:​

  • gjere greie for korleis ein kan observere, legge til rette for, analysere, kartlegge og følje opp barns sosiale, språklege og matematiske utvikling 
  • gjere greie for kva det vil seie å vere ein bevisst språkleg rollemodell og ein samtalepartnar som framhevar utvikling, læring og danning i arbeid med barnehagens innhald 
  • gjere greie for korleis ein kan organisere eit inkluderande og stimulerande leikemiljø  for matematisk og språkleg utforsking, forteljing og høgtlesing og sikre mangfald i barns tekstopplevingar og lesefellesskap, også i eit fleirkulturelt perspektiv 
  • gjere greie for korleis ein kan rettleie og inspirere barn når dei utforskar munnlege og skriftlege sjangrar, matematiske problem, symbol og samanhengar 
  • formidle tekst, fortelje, lese høgt og syngje 
  • analysere og vurdere ulike kartleggingsverktøy, vurdere ulike typar læremiddel, og utvikle profesjonsfagleg digital kompetanse
Generell kompetanse

Studenten :

  • skal kunne dokumentere og evaluere barnehagens arbeid med språk, tekst og matematikk og ta på seg leiaransvar for prosjektarbeid
  • skal utøve pedagogisk leiing i arbeidet med å inkludere og anerkjenne alle barns språklege, tekstlege og matematiske erfaringar og kunne analysere og reflektere over profesjonelle og etiske utfordringar knytt til språk, tekst og matematikk
  • skal kunne sjå korleis språklege, litterære og matematiske element har betydningar for leikemiljøet og for arbeid med danning, demokrati og likestilling 
  • skal kunne gjere greie for korleis ein kan kommunisere og drøfte etiske og fagleg-pedagogiske problemstillingar med personalet, føresette og eksterne samarbeidspartnarar
  • er aktiv i barnehagefaglege diskusjonar knytt til språk, tekst og matematikk
  • meistrar norsk munnleg og skriftleg bokmål og nynorsk, og kan bruke språket kvalifisert i profesjonssamanheng

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Kunnskapsområdet vert organisert i følgjande overordna temaområder:

  1. Språk- og matematikkstimulering 

  2. Leikens verdi for språk og matematikkutvikling

  3. Språk- og omgrepsutvikling

  4. Kommunikasjon og anerkjennande grunnhaldning

  5. Tekst- og mediekultur

  6. Barnelitteratur

  7. Dokumentasjon

  8. Prosjektarbeid og metodar for utviklingsarbeid

  9. Samanheng barnehage – skule

Kunnskap og dugleikar i språk, tekst og matematikk vert tileigna i ein kombinasjon av å delta i aktivitetar i læringsgrupper og seminargrupper, på førelesingar på campus og Adobe Connect og gjennom sjølvstudium.Ein vil gjennom arbeidet med kunnskapsområdet fokusere på korleis den faglege utviklinga kan tilpassast barna sine erfaringsbakgrunnar, interesser, anlegg og føresetnader, uavhengig av kjønn og kulturell bakgrunn, og sikre barns rett til medverknad. Det faglege innhaldet frå dette kunnskapsområdet skal vere ein aktiv del av praksis, blant anna gjennom eit praksisprosjekt. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

 Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i dette kunnskapsområdet,Jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6. 

I løpet av studiet skal studentane utføre og få godkjend minst fem arbeidskrav. Nokre av arbeidskrava skal vere individuelle arbeid, andre skal utførast i læringssgrupper eller andre grupper. For meir informasjon om arbeidskrav, sjå § 7-2 i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Arbeidskrav nr 1: Eit individuelt fagleg arbeid knytt til høgtlesing og formidling i barnehagen. Studenten skriv ein tekst på 1200 ord (+/- 10%). Teksten skal vere skriven på nynorsk. Kvar student skal gjennomføre ei formidling av den valde boka/teksten.  

Arbeidskrav nr 2: Eit fagleg eller tverrfagleg arbeid knytt til barns matematiske utvikling. Arbeidet vert utført og innlevert av basisgruppene. Evalueringa vil også gå føre seg i basisgruppene ved at kvar basisgruppe kommenterer og vurderer arbeidet frå ei anna basisgruppe. Faglærar rettleiar i vurderingsprosessen der det trengs, og utfører den endelege godkjenninga. Omfang: 5000 ord (+/- 10%). 

Arbeidskrav nr 3: Eit individuelt fagleg arbeid knytt til språkleg og kulturelt mangfald. Studenten skriv ein tekst på 1500 ord (+/- 10%). 

Arbeidskrav nr 4: Eit individuelt prosjektarbeid knytt til praksis med temaet «Barnehagen som språk-, tekst-  og matematikkverkstad». Omfang: 5000 ord (+/- 10%). 

Arbeidskrav nr 5: Eit individuelt fagleg arbeid knytt til samanhengen barnehage-skule. Omfang: 2000 ord (+/- 10%).

 

Frammøte til undervisninga er obligatorisk etter gjeldande reglar. Jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6.

Sensorordning
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Liv Kristin Bjørlykke Øvereng
Emnet inngår i følgande studieprogram
Barnehagelærarutdanning deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell6timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter stavekontroll
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:6
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler: stavekontroll
Omfang: