MID230 Bacheloroppgåve og praksis

Emnekode: 
MID230
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelor i medieproduksjon
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

MID211 og min 30. stp fullførte studieretningsemne.

Om emnet

I emnet baheloroppgåve og praksis skal studentane vise at dei meistrar kunnskap og ferdigheiter, teoretisk og praktisk, tileigna gjennom bachelorutdanninga si. I emnet skal studenten gjennomføre eit større sjølvstendig praktisk og eitt teoretisk arbeid som er relevant i høve til den faglege fordjupinga studenten har valt. I bacheloroppgave med praksis kan studenten velje mellom tre ulike praksisformar som vert skildra i punktet om organisering og arbeidsmåtar. Desse er:

  1. Ekstern praksis
  2. Prosjektpraksis
  3. Forskingspraksis

Formålet med emnet er å gje studenten kjennskap til yrkesrollar, deira metodar og kulturelle praksisar gjennom praksis og prosjekt. Vidare vil emnet fokusere på vitskapleg arbeid, metodar og etikk som i tillegg til å heve refleksjonsnivået til vitskapleg arbeid, gjer ein rusta for ein potensiell mastergrad etter avslutta utdanning.

I første del av semesteret vert det gitt undervisning i fellesdelen som inneber vitskapleg arbeid, samt relevant praksis -og prosjektførebuande arbeid som prosjektutvikling, etablererkunnskap og produksjonsplanlegging på fordjupningsnivå. Undervisningsperioden vert intensiv grunna praksisperiodens start i månadsskifte februar-mars.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten:

  • Har kunnskap om vitskapsteori og mediefaglege metodar.
  • Har kunnskap om planlegging og prosjektutvikling, med fordjuping mot eigen mediedisiplin og den sjølvvalde fordjupinga.
  • Har kunnskap om samarbeid og roller innanfor eigen mediedisiplin gjennom deltaking i eksternt prosjekt/praksis, gjennom å utvikle og gjennomføre eit større praktisk prosjekt eller relatert til deltaking på forskningsprosjekt.
  • Har kunnskap om ulike reiskapar som nyttast i aktuelle yrkesrollar.
  • Har kunnskap om produsentrolla i medie- og kulturformidling.
Ferdigheiter

Kandidaten:

  • Kan finne og nyttiggjere seg kunnskapar om prosjektutvikling og gjennomføring i eige prosjekt, ekstern praksis eller deltaking på forskingsprosjekt.
  • Kan nyttiggjere seg kunnskapar om medie- og kommunikasjonsteknologi både på praktiske og teoretiske problemstillingar.
  • Kan planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig teoretisk eller praktisk akademisk arbeid.
  • Kan beherske prosjektverkty nytta til prosjektgjennomføring.
  • Kan skrive ei bacheloroppgåve med eit teoretisk og metodisk perspektiv.
  • Kan drøfte problemstilling i lys av teori, metode og tileigna kunnskapar.
  • Kan nyttegjere seg av andres empiriske data inn mot eiga problemformulering eller produsere og anvende eigen empiri.
Generell kompetanse

Kandidaten kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar gjennom relevante uttrykksformer. I tillegg vil kandidaten gjennom yrkesnær praksis ha utvikla ei forståing og nyttige eigenskapar relevante til aktuelle yrke.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga vil organiserast som forelesingar, seminarundervisning og individuell rettleiing. Semesteret er delt i tre: Dei første vekene vil det bli gitt undervisning i fellesemna. Deretter skal studentane ut i ein åtte veker lang ekstern praksis, prosjektpraksis eller forskingspraksis. Dei siste vekene er avsett til praksisoppsummering og individuelt arbeid med den avsluttande bacheloroppgåva.

Rettleiar/rettleiarar vert oppnemnt etter val av oppgåvetype og praksis. Deltaking i prosjektførebuande felles- og gruppeundervisning og avtalt rettleiing på prosjekt og litteratur knytt til prosjektrapporten er obligatorisk. Sjå Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 4-6. om obligatorisk frammøte/deltaking i undervisninga.

Det vil bli lagt opp førelesingar og/eller seminar i sentrale fellesemne. Dette inkluderer undervisning i vitskapsteori og fordjuping i vitskapleg metode, forskingsetikk og akademisk skriving. Innføring i profesjons- og yrkeskunnskap med fokus på yrkesførebuande kunnskap og ferdigheter. 

I samband med undervisningsopptaket for haustsemesteret kan det vere aktuelt å legge fram eller at studentane får presentert førehandsmelde eksterne prosjekt. Eventuell deltaking i desse vil bli vurdert ut frå ein motivasjonssøknad.

Praksis/prosjekt:

I den andre delen av emnet skal studentane arbeide med prosjektet, være i praksis eller forskingspraksis som er godkjent av faglærar/emneansvarleg. Studenten avtalar eit opphald hos ein ekstern oppdragsgjevar eller utviklar ein eigen produksjon/prosjekt. Prosjektet/praksis skal vere relatert til studenten sitt val av fordjuping. I eventuelle samarbeidsprosjekt må rolleinndelinga vere tydeleggjort i ei tidleg fase. Fristar for når dette må vere klart fremgår av semesterplanen.

Dette skal tilsvare 8 veker arbeid og kan vere ein av tre ulike typar rettleia praksis:

  • Ekstern bedriftspraksis. Studenten har praksis i eit offentleg eller privat føretak.
  • Prosjektpraksis. Studenten utviklar og gjennomfører eit eige praktisk prosjekt som praksis.
  • Forskingspraksis. Studenten tek del i eit pågåande forskingsprosjekt knytt til HVO.

Høgskulen i Volda er ansvarlig for og vil peike ut ein ansvarlig frå eigen institusjon, for å fylgje opp studentens innsats og læringsutbytte i praksis/prosjektperioden. Det er studentens ansvar å skrive kontrakt med eventuell ekstern oppdragsgjever eller praksis. Perioden for praksis står skildra i kontrakta utforma av emneansvarleg.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav:

Studenten skal levere følgande arbeidskrav. Alle arbeidskrav er individuelle og skal vere godkjende av faglærar for at studenten får gå opp til avsluttande eksamen. Innleveringstidspunkt, sted og retningslinjer for arbeidskrava vil gå fram av semesterplanen. Arbeidskrava er:

1. Tema for bacheloroppgåva, utkast til problemstilling og forslag til kjernelitteratur for bachelorprosjektet. Omfanget skal vere på mellom 500 og 1000 ord. Arbeidskravet dannar grunnlag for tildeling av rettleiar.

2. Prosjektplan og framdriftsplan for eige prosjekt. Omfanget av prosjektplanen skal vere på mellom 1000 og 2000 ord. Nærare krav om planen vert gitt til dei det måtte gjelde (Gjeld berre dei som vel eigen prosjektpraksis).

3. Praksis/prosjektrapport. Omfanget på prosessrapporten skal vere på mellom 2000-3000 ord avhengig av prosjektet. Det vert utdelt ein mal som ein kan følgje.

4. Gjennomført og godkjent praksis, prosjekt eller forskingspraksis

 

Arbeidskrava vurderast som godkjent/ikkje godkjent

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Ana Luisa Sanchez Laws
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelor i mediedesign
Bachelor i medieproduksjon
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
BacheloroppgåveIndividuell 1semesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100%Bacheloroppgåva er individuell og leverast inn skriftleg. Omfanget skal vere mellom 7000 og 10000 ord. Bacheloroppgåva er basert på eit sjølvvalt tema, men kan ta utgangspunkt i tematikk, problemstillingar eller utfordringar knytt til praksis, prosjekt eller forskingspraksis. Nærare krav om bacheloroppgåva vert gitt i starten av semesteret.
Vurderinger:
Vurderingsform:Bacheloroppgåve
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100%
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:Bacheloroppgåva er individuell og leverast inn skriftleg. Omfanget skal vere mellom 7000 og 10000 ord. Bacheloroppgåva er basert på eit sjølvvalt tema, men kan ta utgangspunkt i tematikk, problemstillingar eller utfordringar knytt til praksis, prosjekt eller forskingspraksis. Nærare krav om bacheloroppgåva vert gitt i starten av semesteret.
Godkjent av: 
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn