MGL5-10SP3 Spesialpedagogikk 3: Spesialpedagogrolla i skulen

Emnekode: 
MGL5-10SP3
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10SP2 Spesialpedagogikk 2: Lærevanskar og spesialundervisning
MGL5-10PE2 Pedagogikk og elevkunnskap 2: Den lærande eleven i elevmangfaldet
Om emnet

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Grunnskulelærarutdanninga , 5-10 i faget Profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk, 30 studiepoeng. 

Dette emnet er konsentrert om rolla som spesialpedagog i skulen. Emnet byggjer vidare på innhaldet i dei to første emna i Spesialpedagogikk og Pedagogikk og elevkunnskap. Det utvidar perspektivet til å handle om spesialpedagogen og spesialpedagogisk profesjonsutøving. Lærarar med høg spesialpedagogisk kompetanse kan ha mange roller og oppgåver i skulen. Det kan innebere å planlegge og gjennomføre spesialundervisning, legge til rette den ordinære opplæringa for elevar som strevar, vere rådgjevar og rettleiar for kollegaer og å vere aktør i institusjonelt endrings – og utviklingsarbeid. Utfordringa er å skape gode samanhengar og samband mellom ordinær opplæring og spesialundervisning. Viktige tema i emnet er difor korleis lærar med både spesialpedagogisk og allmennpedagogisk innsikt kan styrke opplæringa for alle elevar. Det kan dreie seg om korleis ein på klassestega 5-10 kan arbeide for å gje ei god, samla opplæring utifrå eleven sine unike føresetnader både fagleg, sosialt og emosjonelt, i samarbeid med heimen, kollegaer og det spesialpedagogiske hjelpeapparatet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har

  • inngåande forskingsbaserte kunnskapar om utfordringar og dilemma knytte til ulik aspekt ved rolla som spesialpedagog i skulen
  • inngåande forskingsbaserte kunnskapar om korleis skape gode samband mellom spesialundervisning og ordinær opplæring 
  • avansert kunnskap om utfordringar og moglegheiter knytte til samarbeid om spesialpedagogiske tiltak
  • inngåande forskingsbaserte kunnskapar om relevant profesjonsretta forsking, vitskapsteori, forskingsetikk og forskingsmetodar
Ferdigheiter

Studenten kan

  • meistre dei ulike rollene som lærar med høg spesialpedagogisk kompetanse i skulen
  • samarbeide på kvalifisert måte med heim, kollegaer og det spesialpedagogiske hjelpeapparatet om eit godt opplæringstilbod for eleven
  • ta seg inn i og nytte relevant profesjonsfagleg forsking for å betre opplæringa
  • kombinere spesialpedagogisk og allmennpedagogisk kunnskap for å betre både ordinær opplæring og spesialundervisning
Generell kompetanse

Studenten kan

  • med utgangspunkt i dei ulike rollene som spesialpedagog, utvikle og betre opplæringa i skulen på dei relevante klassestega.
  • engasjere seg i og initiere kollega- og foreldresamarbeid for å skape endring og utvikling til beste for elevar som strevar
  • analysere og formidle eit samansett fagstoff munnleg og skriftleg

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane vil variere mellom førelesingar, lesing av faglitteratur, studentseminar, arbeid individuelt og i grupper, munnlege presentasjonar, oppgåveskriving og rettleiing.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

1. Ei skriftleg individuell oppgåve på inntil 1800 ord basert på relevante data frå skulen

2. Ei munnleg førebudd tilbakemelding på eit utkast til individuell oppgåve frå medstudent og drøfting i gruppe

3. Ein munnleg presentasjon i seminar knytt til erfaringar frå spesialundervisning i praksis

4. Deltaking i alle seminara knytte til arbeidskrava

Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Gunhild Nordvik Reite
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell2DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter Alle
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:2
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler: Alle
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust