MGL5-10EN3B Resepsjon og adaptasjon

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
MGL5-10EN3B
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10EN2A Engelsk 2A
MGL5-10EN2B Engelsk 2B
Om emnet

Emnet handlar om korleis historier, myter, forfattarskap, konsept og idear vandrar mellom ulike medium og tidsperiodar. Det tek utgangspunkt i forteljingar i ulike former, som romanar, eventyr og skodespel, og ser på kva som hender når dei blir tilpassa (eller "adaptert") til andre former, som film, dataspel, Internett-memer, og teikneseriar på papir og skjerm. Desse prosessane blir samla sett kalla "resepsjon".

Medium som film og dataspel vil gjere seg gjeldande i syklus 1, og i dette kurset vil vi gå nærare inn på kva endringar i tid og form gjer med identiteten, estetikken og meiningsinnhaldet til eit litterært verk eller ein kulturell myte. Vi ser også på korleis slike endringar kan ha ideologiske eller kommersielle årsaker. Praksisperspektivet er gjennomgåande i emnet, med bruk av adaptasjon og omsetjing i 5-10-klasserommet, t.d. i samband med tilpassa opplæring, som sentralt tema. I tillegg til praksisbiten inneheld emnet ein stor forskings- og tolkingskomponent. Undervisinga vil vere forskingsbasert og støtte seg på databaser og tekstar utvikla av forskarar ved HVO. Emnet vil høve særs godt som tema for MA-oppgåva.
 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • Har avansert kunnskap om formelle trekk ved ulike medium og sjangrar (som t.d. romanar og skodespel) og samansette tekstar (som t.d. teikneseriar og filmar)
  • Har inngåande kjennskap til resepsjons-, adaptasjons- og omsetjingsteori, inklusive kjennskap til kva formelle, samfunnsmessige og kulturelle faktorar som formar adaptasjonar
  • Har kunnskap om nokre sentrale, adapterte og/eller omsette verk i den engelskspråklege kulturhistoria
  • Har kunnskap om korleis adaptasjon og omsetjing blir brukt og kan brukast i undervisinga
  • Har kunnskap om profesjonsretta forsking, vitskapsteori, forskingsetikk og forskingsmetodar
Ferdigheiter

Studenten

  • Kan analysere struktur og artistiske verkemiddel i eit utval litterære verk, omsettingar og adaptasjonar
  • Kan gjere greie for og nytte adaptasjonsteori
  • Kan identifisere og vurdere adaptasjonar og omsetjingar som kan nyttast i undervisning
  • Kan gjere avansert nytte av resepsjon i undervisingssituasjonar
  • Kan reflektere over effekten av bruk av resepsjon i ulike undervisningssituasjonar og overfor ulike elevar
Generell kompetanse

Studenten

  • Kan reflektere på eit avansert nivå over eiga læring og praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
  • Kan halde ved like og utvikle si eiga språklege og didaktiske kompetanse
  • Kan halde seg til normene for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg brukar vi ei rekkje digitale læringsressursar, mellom anna HVO sine eigne.
 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

  1. Studenten skal levere ei semesteroppgåve på 2500 ord
  2. Studenten skal planlegge, presentere og etterevaluere eit undervisingsopplegg der adaptasjon og/eller omsetjing inngår

Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen
 

Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Svenn-Arve Myklebost
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuellsemester-Mappe som inneheld det skriftlege arbeidet på 2500 ord; og vurderingsdokumentet frå undervisingsopplegget om adaptasjon
Munnleg justerande eksamenIndividuell-A-F, der A er best og E er siste ståkarakter100%
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:semester
Karakterskala:-
Andel:
Kommentar:Mappe som inneheld det skriftlege arbeidet på 2500 ord; og vurderingsdokumentet frå undervisingsopplegget om adaptasjon
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Munnleg justerande eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100%
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust