MGL5-10SA2B Samfunnsfag 2B - Utforsking av globale perspektiv i samfunnsfaget

Varighet: 
2 semester
Emnekode: 
MGL5-10SA2B
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
Undervisningssemester: 
2020 Haust
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10SA2A Samfunnsfag 2A: Politikk og demokrati
Om emnet

Utforskaren er sentral i dette emnet. Problemstillingar som gjeld globale forhold og danning av ny kunnskap er særleg viktig. Sentrale tema vil vere levekår og fattigdom, berekraftig utvikling, forholdet mellom menneske, stad og ressursar, konflikt og samarbeid, før og no. Emnet utforskar også urfolksproblematikk både i norsk og internasjonal samanheng, og elles korleis kjønn, seksualitet og kjærleik blir forstått på forskjellige måtar i forskjellige sosiale og kulturelle kontekstar.  

Emnet set utdanning i eit globalt perspektiv og kvalifiserer studentane til å bidra til vidareutvikling av samfunnsfaget og skulen som institusjon for læring og danning i eit globalt og mangfaldig samfunn. 

Studentane skal vidareutvikle didaktiske ferdigheiter frå tidlegare emne. Kritisk medvit og gode tilnærmingar for å undervise om verda utanfor Noreg vert særleg tematisert. Emnet gir også innsikt i ekskursjonsdidaktikk og digital didaktikk.  

Gjennom utforsking av eige nærmiljø, eller deltaking på ekskursjon, møter studentane ekskursjonsdidaktiske utfordringar, og studentane får innsikt i bruk av digitale verktøy i ekskursjonsdidaktikk (sjå «Vilkår for å framstille seg til eksamen»).  Det blir arrangert ein frivillig åttedagars ekskursjon til Portugal. Ekskursjonen utforskar klippfisk som eit inntak til kunnskap om samspelet mellom natur og menneske, kultur, økonomi og natur, i fortid og notid.  

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har 

  • Djupnekunnskap om utvalde døme på samspelet mellom ressursfordeling, demografi, globalisering og berekraftig utvikling 

  • Kunnskap om økonomiske strukturar, verdiskaping, makt og marknad 

  • Inngåande kunnskap om kritiske perspektiv på globale maktforhold, ulikskap og ressursfordelinga i verda 

  • Djupnekunnskap om samane som urfolk og kjennskap til urfolksproblematikk i internasjonalt perspektiv  

  • Innsikt i sosiale og kulturelle faktorar som påverkar synet på kjønn seksualitet og kjærleik  

  • Djupnekunnskap om utvalde døme på konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv 

  • Kunnskap om korleis det kan leggast til rette for opplæring om samfunnsforhold i eit fleirkulturelt og globalt perspektiv, med vekt på kritisk medvit 

  • Kunnskap om ekskursjonsdidaktikk 

  • Kunnskap om akademisk skriving  

Ferdigheiter

Studenten kan 

  • Kritisk analysere samfunnsmessige problemstillingar av global relevans, og stimulere til dette i opplæringa 

  • Analysere relevant forsking og formidle eit samansett fagstoff 

  • Reflektere over samanhengar mellom dei forskjellige tema i emnet   

  • Finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder og bruke dette i arbeidet med å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet  

  • Bruke og evaluere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar 

  • Legge til rette for at elevane utviklar kritisk tenking, medvit og forståing i møte med kulturelt mangfald, og kunnskap om bakgrunnen for globale maktforhold  

  • Legge til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster, og for refleksjon over korleis historie og kultur blir konstruert  

  • Planlegge, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn 

Generell kompetanse

Studenten kan 

  • Reflektere kritisk over globale samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking 

  • Oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis 

  • Arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem som gjeld elevane si læring og utvikling i samfunnsfaget 

  • Kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, gruppearbeid, rettleiing, praksis, skriftlege arbeid og ekskursjon. Under føresetnad av stor nok deltaking, vert det gjennomført ekskursjon til Portugal (frivillig deltaking). Det er forventa at studentane brukar læringsplattforma Canvas og andre anbefalte nettressursar for kommunikasjon, løysing og innlevering av oppgåver, og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Emnet har to obligatoriske arbeidskrav. Kandidatar må få godkjent begge for å framstille seg til eksamen.

1) Levere ei rekkje med arbeidsoppgåver, gruppeoppgåver og presentasjonar gjennom dei to semestra. 

2) Lage ei digital framstilling med ekskursjonsdidaktisk tema.  

For dei som er med på ekskursjon, er deltaking i førebuing og gjennomføring obligatorisk.  

Det er obligatorisk oppmøte til alle timeplanfesta aktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4 -6. 

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Margit Ystanes
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamenIndividuell-A-F, der A er best og E er siste ståkarakterAvsluttande vurdering skjer på grunnlag av ein munnleg eksamen i form av ein munnleg presentasjon på 10 minutt over eit valfritt tema frå emnet og ei munnleg prøve knytt til andre deler av pensum.

Eit manus/oversyn over presentasjonen med kjeldetilvisingar skal leverast inn, og vil vere ein del av vurderingsgrunnlaget.  - Eit manus/oversyn over presentasjonen med kjeldetilvisingar skal leverast inn, og vil vere ein del av vurderingsgrunnlaget.
Vurderinger:
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:Avsluttande vurdering skjer på grunnlag av ein munnleg eksamen i form av ein munnleg presentasjon på 10 minutt over eit valfritt tema frå emnet og ei munnleg prøve knytt til andre deler av pensum.

Eit manus/oversyn over presentasjonen med kjeldetilvisingar skal leverast inn, og vil vere ein del av vurderingsgrunnlaget.  - Eit manus/oversyn over presentasjonen med kjeldetilvisingar skal leverast inn, og vil vere ein del av vurderingsgrunnlaget.
Godkjent av: 
Randi Bergem 27.02.2020