MGL5-10SP2 Spesialpedagogikk 2: Lærevanskar og spesialundervisning

Emnekode: 
MGL5-10SP2
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

MGL5-10PE1 Pedagogikk og elevkunnskap 1: Læraren si tilrettelegging for læring og utvikling

Om emnet

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Grunnskulelærarutdanninga , 5.-10. trinn, i faget Profesjonsretta pedagogikk eller Spesialpedagogikk, 30 studiepoeng.

Emnet gir ei innføring i utfordringane for og tilbodet til elevane som har behov for spesialundervisning, med vekt på mellom- og ungdomstrinnet. Det supplerer dermed det første emnet i studiet, som tek opp spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen. Dei mest konkrete utfordringane i spesialpedagogisk verksemd i skulen gjeld elevane som har vanskar med å lære. Dette emnet tek opp kva som kan skape lærevanskar, korleis lærevanskar kjem til syne, kva følgjer lærevanskar kan ha, og korleis møte lærevanskar både i den ordinære opplæringa og i spesialundervisninga i skulen. Det er dei vanlegaste utfordringane knytt til fagleg og sosial læring og utvikling i skulen som vert belyst i dette emnet. Det dreiar seg om psykisk helse, språk-, lese- og skrivevanskar, åtferdsutfordringar og sosiale og emosjonelle læringsbehov. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har forskingsbaserte kunnskapar om

  • lærevanskar knytt til språk, lesing, skriving, åtferd, sosialt samspel og psykisk helse

  • ulike måtar å møte variasjonen i lærevanskane på i skulen

  • kva tidleg innsats og fortsettande systematisk arbeid kan ha å seie for elevar med lærevanskar

Ferdigheiter

Studenten kan

  • analysere og identifisere moglege årsakar til eleven sine lærevanskar.

  • skal kunne planlegge og gjennomføre undervisning for elevar med lærevanskar

  • bruke forskingsbasert kunnskap til kritisk å velje, formulere, undersøke og analysere spesialpedagogiske problemstillingar

  • formulere og drøfte faglege problemstillingar på ein kvalifisert måte, munnleg og skriftleg.

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i korleis ein kan legge til rette læringsmiljøet for elevar med lærevanskar på 5.-10. trinn
  • kan meistre ulike teoretiske og forskingsbaserte perspektiv på lærevanskar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsførelesing, undervisning og seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt.  

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

  • Studentane skal presentere og drøfte utkast til teoretisk refleksjonstekst for ei gitt problemstilling med medstudentar på munnlege seminar.
  • Studentane skal kommentere minst eit utkast til teoretisk refleksjonstekst frå medstudent.
  • Studentane skal levere ei teoretisk refleksjonstekst på 2000 ord ut frå gitt problemstilling.

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Iselin Vatnehol Waage
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell4timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakterIngen.
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:4
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:Ingen.
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust