MGL5-10SA2A Samfunnsfag 2A: Politikk og demokrati

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
MGL5-10SA2A
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10SA1A Samfunnsfag 1A: Samfunnsfag som skule- og vitskapsfag
MGL5-10SA1B Samfunnsfag 1B: Samfunnsutvikling og berekraft
Om emnet

Emnet gir kunnskap om ulike sider ved demokratiet, som styreform, livsform og samfunnsform. Det sentrale er å utvikle studentane sitt kunnskapsgrunnlag og deira forståing av korleis eit demokratisk samfunn er bygd opp, og korleis skulen har vore og er viktig for å oppretthalde og vidareutvikle demokratiet. Media og skulen sine roller i demokratiet i fortid, notid og framtid er sentrale tema. I geografi legg vi vekt på kunnskap om lokale endringsprosessar i lokalisering av næringsverksemd. I historie vil utviklinga av det norske demokratiet frå 1814 og fram til i dag stå sentralt, saman med internasjonal politisk utvikling frå 1919 og fram til i dag. I samfunnskunnskap legg vi vekt på politiske system og prosessar, demokrati og politisk deltaking. 

Studentane vil i få høve til å vidareutvikle didaktiske ferdigheiter frå tidlegare emne. Særleg vil det bli arbeidd med historiemedvit, kritisk tenking og refleksjon som ferdigheiter i samfunnsfag. Studentane vil også få innføring i rollene som skulen og læraren har i arbeidet med elevane si politiske sosialisering og danning.

Gjennom arbeidet med semesteroppgåva skal studentane få vidareutvikle ferdigheiter i akademisk skriving, og få innføring i samfunnsvitskapeleg metode med vekt på tekstanalyse av ulike tekstar frå fortid og notid.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfag og samfunnsfag som skulefag
  • kunnskap om sentrale føresetnader for og problemstillingar som gjeld medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar i nasjonal og internasjonal politikk før og no
  • kunnskap om ideologiar, makt, politiske system og demokratiske kanalar i fortid og notid.
  • kunnskap om samane som urfolk, om dei nasjonale minoritetane, og om kulturelt mangfald i Noreg 
  • kunnskap om skulen og samfunnsfaget si rolle i arbeidet med elevane sin digitale kvardag i eit makt- og demokratiperspektiv
  • kunnskap om økonomiske strukturar, verdiskaping og marknad ut frå romlege og politiske perspektiv
  • djupnekunnskap om utvalde teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap

 

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • ta i bruk relevante faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
  • arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
  • bruke og evaluere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid og rom
  • ha ei djupare forståing av rollene som skulen og læraren har i demokratiet og demokratiopplæringa
  • arbeide sjølvstendig med faglege spørsmål
  • finne, vurdere og bruke relevante samfunnsfaglege kjelder og metodar i eige studiearbeid og eiga undervising 
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
  • reflektere over bruk av ulike typar kjelder og kva kjeldekritikk har å seie for kritisk tenking
  • oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, gruppearbeid, rettleiing, praksis, skriftleg arbeid og ein kort ekskursjon i samfunnskunnskap. Bruk av digitale verktøy ein viktig del av emnet. Studentane skal bruke tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Det er obligatorisk frammøte til undervisinga (sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6).
  • Alle studentane skal skrive ei semesteroppgåve, individuelt (på 3 000 – 3 500 ord). Tema for dette arbeidet skal vere relatert til undervisningstema i emnet.
  • For å få vurdert semesteroppgåva med tanke på karakter, må studenten få godkjent tema og problemstilling av faglærar.

Som del av arbeidet med oppgåva skal studenten:

  • Gi ein munnleg presentasjon av arbeidet med oppgåva for studentgruppa tidleg i arbeidsprosessen.
  • Delta på eit oppgåveseminar der studentane vurderer tekstane til kvarandre, og gir kvarandre konstruktive tilbakemeldingar.
Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Nils Magne Magerøy
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell1SemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterStudentane skal velje tema og problemstilling sjølv, og denne skal godkjennast av faglærar. Det vert gitt ein førebels bokstavkarakter på semesteroppgåva.Oppgåva skal ha eit omfang på minimum 3 000 og maksimum 3 500 ord.
Munnleg justerande eksamenIndividuell30minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter- Semesteroppgåva må vere bestått før ein kan gå opp til munnleg eksamen.
- Eksamenen tek utgangspunkt i semsteroppgåva, men gjeld pensum for heile emnet.
- Munnleg justerande eksamen betyr at prestasjonen på munnleg eksamen kan føre til ei eventuell justering av karakteren på semesteroppgåva. Studenten får vite den endelege karakteren same dag.
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Studentane skal velje tema og problemstilling sjølv, og denne skal godkjennast av faglærar. Det vert gitt ein førebels bokstavkarakter på semesteroppgåva.
Hjelpemidler:
Omfang:Oppgåva skal ha eit omfang på minimum 3 000 og maksimum 3 500 ord.
Vurderingsform:Munnleg justerande eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:30
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:- Semesteroppgåva må vere bestått før ein kan gå opp til munnleg eksamen.
- Eksamenen tek utgangspunkt i semsteroppgåva, men gjeld pensum for heile emnet.
- Munnleg justerande eksamen betyr at prestasjonen på munnleg eksamen kan føre til ei eventuell justering av karakteren på semesteroppgåva. Studenten får vite den endelege karakteren same dag.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Randi Bergem 27.02.2020