MGL5-10EN1B Engelsk 1B

Emnekode: 
MGL5-10EN1B
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Engelsk 1B for 5-10 gir ei vidare innføring i engelsklæring og engelskdidaktikk i framhaldet av emnet 1A. Hovudfokuset på rolla som engelsklærar held også fram; emnet gir meir innsikt i og fleire reiskapar til å observere og reflektere over læraren si leiing av læringsprosessar, og læraren sine tankar kring val av læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.  Praksis vil i fyrste året ligge på mellomsteget, og emnet omfattar også ei innføring i kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa, og kunnskap om deira språkutvikling. Emnet omfattar studium av det engelske språksystemet, med fokus på kunnskap om lydsystemet i det engelske språket. Utvikling av eiga språkferdigheit står sentralt, med særleg vekt på munnlege ferdigheiter. I tillegg tek emnet føre seg eit vidt utval av tekstar, filmar og andre kunstuttrykk om den moderne engelsktalande verda, inkludert forteljande former retta mot barn og unge.   

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten 

  • har kunnskap om korleis barn og unge lærer 2. og 3.-språk, om språklæringsteoriar, metodar og strategiar
  • har kunnskap om undervegs- og sluttvurdering av barn og unge si språklæring
  • har kunnskap om eit spekter av læremiddel og andre ressursar, mellom anna digitale ressursar, som kan brukast i opplæringa
  • har kunnskap om korleis ein kan tilpasse språkopplæringa til einskildeleven
  • har kunnskap om fleirspråklegheit som ressurs i klasserommet
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike typar akademiske tekstar
  • har kunnskap om engelske språklege strukturar, med vekt på lydsystem og uttale, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk på dette området
  • har kunnskap om digitale og andre former for historieforteljing og korleis dei kan motivere til læring
  • har kjennskap til eit utval av moderne kunstuttrykk og ulike forteljemåtar 

 

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke engelsk munnleg og skriftleg, sikkert og sjølvstendig, tilpassa ulike målgrupper og situasjonar
  • kan legge til rette for variert og differensiert læringsarbeid som fremjar utvikling av kunnskap og ferdigheit hjå alle elevar, m.a. vidareutvikling av dei grunnleggjande ferdigheitene 
  • kan legge til rette for progresjon i overgangen mellom barne- og ungdomssteget
  • kan bruke fagkunnskapen didaktisk og reflektert i høve til gjeldande læreplan for grunnskulen og kritisk vurdere eiga undervisning
  • kan vurdere og bruke digitale og andre læringsressursar og verkty
  • kan bruke undervegs- og sluttvurdering for å rettleie elevar i den faglege utviklinga deira
  • kan lese, drøfte og samanfatte hovudpoenga i eit utval akademiske tekstar
  • kan bruke kunnskap om det engelske lydsystemet til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette elevane si språklæring og rettleie språkbruken til elevane
  • kan analysere forteljemåtar og bruke presis terminologi, og leggje til rette for elevane sitt arbeid med kunstuttrykk 
  • kan lage digitale og/eller andre typar historier for å fremje læring

 

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa elevar på 5.-10. steg
  • kan reflektere over eiga læring og praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
  • kan halde ved like og utvikle sin eigen språklege, kulturelle og didaktiske kompetanse 
  • kan lese og forstå akademiske tekstar for å fremje eiga læring

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg brukar vi ei rekkje digitale læringsressursar. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

a. obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar

b. ei munnleg digital innlevering knytt til uttale

c. ei kunnskapsprøve i fonetikk 

d. eitt skriftleg arbeid over oppgitt tema på 1200 ord. Arbeidet skal vere basert på observasjonar frå praksis og reflektere over desse i lys av kunnskap frå pensumlitteraturen

e. eitt skriftleg arbeid i kultur på 1200 ord

 

Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. 

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Vibeke Jensen
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell-A-F, der A er best og E er siste ståkarakter 50Omfattar det skriftlege arbeidet på 1200 ord, det skriftlege arbeidet i kultur på 1200 ord og kunnskapsprøva i fonetikk (alle omarbeidde på grunnlag av tilbakemelding)
Alle2400 ord + kunnskapsprøva i fonetikk
Munnleg eksamenIndividuell25minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 50Munnleg eksamen basert på mappa og på pensum.
Mappa
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 50
Kommentar:Omfattar det skriftlege arbeidet på 1200 ord, det skriftlege arbeidet i kultur på 1200 ord og kunnskapsprøva i fonetikk (alle omarbeidde på grunnlag av tilbakemelding)
Hjelpemidler:Alle
Omfang:2400 ord + kunnskapsprøva i fonetikk
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:25
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 50
Kommentar:Munnleg eksamen basert på mappa og på pensum.
Hjelpemidler:Mappa
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust