MGL5-10SA1B Samfunnsfag 1B: Samfunnsutvikling og berekraft

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
MGL5-10SA1B
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Dette emnet tek for seg berekraft og samfunnsutvikling frå ulike perspektiv, frå det lokale til det globale, i fortid, notid og framtid. Emnet gir oversikt over ulike geografiske, historiske og notidige forhold som legg føringar for korleis menneske dekker behov dei har, og fordeler makt og ressursar. Metodiske tema i emnet er særskilt arbeid med statistikk og arbeid med digitale kjelder. I fagdidaktikken vil kritisk omgrepsbruk og bruk av digitale verktøy vere sentralt.

Undervisningstema i emnet er relatert til omgrepa utvikling og berekraft. I geografi er berekraft og ressursbruk, ressursar, klimalære, demografi og urbanisering sentrale tema. I historie vil du få kunnskap om demografi og folketalsutvikling og sosial, politisk og økonomisk utvikling frå mellomalderen og fram til ca. 1870. I samfunnskunnskap vil tema kring berekraft, forbruk og internasjonal klimapolitikk bli vektlagde. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • kunnskap om korleis geografiske, historiske og notidige forhold set vilkår for korleis menneske dekker behov dei har, og fordeler makt og ressursar 

  • kunnskap om ulike perspektiv på berekraftig utvikling frå det globale til det lokale, i fortid, notid og framtid 

  • kunnskap om og oversikt over sentrale didaktiske tema knytt til berekraftig utvikling 

  • kunnskap om ressursar, klima, demografi og folketalsutvikling i fortid og notid 

  • kunnskap om internasjonal klimapolitikk 

  • kunnskap om didaktisk bruk av utvalde digitale uttrykksformer i samfunnsfag. 

 

 

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag relatert til samfunnsutvikling og berekraft. 

  • vurdere bakgrunnen for, konsekvensar av og handlingsalternativ for berekraftig utvikling på individ-, nasjonalt- og globalt nivå 

  • bruke og vurdere den didaktiske relevansen av læringsfilm og digitale forteljingar som undervisningsmetodar i samfunnsfag 

  • arbeide med statistikk og digitale kjelder 

  • bruke årsak-verknad og brot-kontinuitet som analytiske verktøy i arbeidet med historiske tema 

Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål i eit berekraftperspektiv. 

  • oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseromsundervisning, gruppearbeid, rettleiing, praksis og skriftleg arbeid. Denne variasjonen er viktig for å nå læringsutbytta i emnet. Bruk av digitale verktøy er ein viktig del av emnet, og studentane får erfaringar med bruk av digital forteljing  og produksjon av undervisningsfilm i læringsarbeidet. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • obligatorisk oppmøte til alle timeplanfesta aktivitetar, jamfør Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §7-3.

Arbeidskrav:

Det er tre arbeidskrav i emnet, alle er individuelle, og alle må vere godkjent før ein kan gå opp til eksamen:

  • skrive ei oppgåve på 900-1 200 ord
  • lage ei digital forteljing. Rammene for arbeidskravet blir klare ved semesterstart
  • lage ein undervisningsvideo. Rammene for arbeidskravet blir klare ved semesterstart

 

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Kjersti Straume
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell6timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter100Studenten skal ved registrering i Studentweb velje ei av følgjande eksamensformer:
a. Skriftleg eksamen
Ingen
Munnleg eksamenIndividuell30minuttA-F, der A er best og E er siste ståkaraktereller b. Munnleg eksamen.
Der eksamensordning eventuelt ikkje er valt, vert munnleg eksamen automatisk registrert.
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:6
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:100
Kommentar:Studenten skal ved registrering i Studentweb velje ei av følgjande eksamensformer:
a. Skriftleg eksamen
Hjelpemidler:Ingen
Omfang:
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:30
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:eller b. Munnleg eksamen.
Der eksamensordning eventuelt ikkje er valt, vert munnleg eksamen automatisk registrert.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Randi Bergem 27.02.2020