MGL5-10SP1 Spesialpedagogikk1: Spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen

Emnekode: 
MGL5-10SP1
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10PE1 Pedagogikk og elevkunnskap 1: Læraren si tilrettelegging for læring og utvikling
Om emnet

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Grunnskulelærarutdanninga , 5-10 i faget Profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk, 30 studiepoeng.

Emnet gjeld spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen, og er nært knytt opp til verksemda som gjeld spesialundervisning.

Retten til læring i skulen gjeld alle elevar. Nokre elevar får ikkje tilstrekkeleg utbyte av den ordinære opplæringa til at denne retten er teken i vare. Dei kan få spesialundervisning. Dette emnet skal gi studentane ei forskingsbasert innføring i dei utfordringane som gjeld elevane som har vanskar med å få utbyte av den ordinære opplæringa, kva ordningar som er etablerte for denne oppgåva i skulen, korleis desse har fungert og fungerer. Emnet går også inn på kva som er karakteriserer forskinga om spesialundervisning. Det er lagt særleg vekt på 5.-10. klassesteg.

Emnet startar med ei innføring i den historiske utviklinga som gjeld spesialundervisninga i skulen, praktisk og som forskingsfelt. Den blir følgt opp med tema som gjeld korleis den spesialpedagogiske tiltakskjeda er konstruert, intensjonane med den spesialpedagogiske tiltakskjeda, overordna om arbeidsformer og korleis spesialundervisninga fungerer i dagens skule, Desse områda blir drøfta både ut frå lov og regelverk, og ut frå korleis forskinga framsteller desse områda både som ideal og realitet.

Det er lagt spesielt stor vekt på å skape forståing for og innsikt i omgrepet inkludering i skulen, og for prosessar som er til hinder for eller fremjar inkludering. Det blir gjort gjennom å gå inn i ei rekkje sentrale omgrep innan spesialpedagogikken, lov – og styringsdokument, og funksjonane til det spesialpedagogiske hjelpeapparatet. 

For å aktualisere forholdet mellom ambisjon og realitetar i spesialundervisninga skal studentane gjennomføre eit feltarbeid i skulen knytt til trinn 5-10. Det starter også prosessen med å utvikle forskingsbasert kompetanse knytt til sentrale spesialpedagogiske problemstillingar i skulen. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studentane skal ha forskingsbaserte kunnskapar om: 

  • den historiske utviklinga av spesialundervisninga i Noreg
  • ansvarsfordelinga i og funksjonane til den spesialpedagogiske tiltakskjeda
  • arbeid for god overgang mellom barnehage og skule for elevar med særskilte behov
  • kva grunnlaget er for at elevar får behov for og blir tildelt spesialundervisning, om korleis desse behova blir møtte og med kva resultat.
  • arbeid for god overgang mellom ungdomsskule og vidaregåande opplæring for elevar med særskilte behov
  • korleis elevar som får spesialundervisning opplever og vurdere skulen og opplæringa
  • sentrale spesialpedagogiske omgrep som mellom anna integrering, inkludering, normalitet, avvik, funksjonshemming, diskriminering og lærevanskar. 
Ferdigheiter

Studentane

  • Skal kunne samle inn data, analysere og drøfte innhald og arbeidsformer i skulen med relevans for elevar som får spesialundervisning på trinn 5-10
  • Skal kunne gjere faglege refleksjonar rundt innhald i litteratur knytt til spesialpedagogikk, formidle og delta i fagleg samtale med andre om desse refleksjonane
  • Skal kunne bruke teoretisk/ forskingsbasert kunnskap til kritisk å velje, formulere, undersøke og analysere spesialpedagogiske problemstillingar
Generell kompetanse

Studentane

  • Skal ha god innsikt i tilhøvet mellom intensjon og praksis i den spesialpedagogiske verksemda i skulen.
  • Skal ha innsikt i og forståing for samspel og dilemma mellom spesialundervising og ordinær opplæring både på individ- og systemnivå
  • Skal ha god kjennskap til ulike forklaringar på behovet for spesialundervisning
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid.
 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

1 Aktiv munnleg deltaking i seminar der studentane skal presentere og drøfte aktuelle kunnskapsgrunnlag for ei gitt problemstilling for eit feltarbeid.

2 Gjennomføre eit feltarbeid i skulen ut frå ei gitt problemstilling og presentere resultat frå feltarbeidet for medstudentar. Vere deltakande i fagdrøftingane av resultatpresentasjonane saman med faglærarar og praksislærarar.

3 Levere inn eit utkast til fagtekst til rettleiing

Detaljane i arbeidskrava vert gjort greie for i eit eige notat utlevert ved studiestart.

Sensorordning
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Torhild Erika Lillemark Høydalsvik
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuellsemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterEi skriftleg oppgåve på om lag 4000 ord basert på feltarbeidet, jf. arbeidskrava (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg). 4000 ord
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Ei skriftleg oppgåve på om lag 4000 ord basert på feltarbeidet, jf. arbeidskrava (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg).
Hjelpemidler:
Omfang: 4000 ord
Godkjent av: 
Anne Øie