MGL5-10NO1B Norsk 1B: Norsk på ungdomssteget

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
MGL5-10NO1B
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

På norsk 1B skal studentane få forskingsbasert innsikt i norsk språk- og tekstkunnskap på ungdomssteget. Dei skal byggje vidare på kunnskap frå 1A ved å lære å arbeide med å vidareutvikle dei grunnleggande ferdigheitene lesing, skriving, munnleg bruk av språket, rekning og bruk av digitale verktøy i norskfaget og på tvers av faga. Dei skal utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis. I tillegg skal studentane utvikle kunnskap om tilpassa opplæring, norsk som andrespråk og lese- og skrivevanskar. Som lærar på ungdomssteget er det forventa at læraren kan utvikle og legge til rette for eit meir analytisk forhold til tekstar og tekstkulturar.

Hovudtemaet for praksis andre studieår er elevrolla og elevmangfaldet, og i praksis arbeider studentane mellom anna med den andre lese- og skriveopplæringa.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • kan analysere og produsere skriftlege og multimodale tekstar på nynorsk og bokmål i ulike sjangrar og medium
  • har kunnskap om eit utval saklitterære tekstar og skjønnlitterære tekstar, med vekt på litteratur for unge og vaksne
  • har kunnskap om den andre lese- og skriveopplæringa relevant for ungdomssteget
  • har kunnskap om litteraturteori og litteraturdidaktikk
  • har kunnskap om vurdering og leseprøver, til dømes nasjonale prøver
  • har kunnskap om munnleg kommunikasjon, med vekt på vidareutvikling av grunnleggande ferdigheiter på ungdomssteget
  • kjenner til intervju som relevant forskingsmetode i norskfaget
Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere språk og språkbruk og gjere greie for faglege val som skal fremme munnleg og skriftleg språkutvikling hos elevar på ungdomssteget
  • kan bruke og vurdere relevante metodar i lese- og skriveopplæringa
  • kan legge til rette for at elevar på ungdomssteget får lese og skrive tekstar for ulike formål og i ulike sjangrar og medium
  • kan analysere litterære tekstar og planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med litteratur frå ulike perspektiv og for ulike formål
  • kan oppdage lese- og skrivevanskar, bruke ulike kartleggingsverktøy og legge til rette for tilpassa undervisning på bakgrunn av resultat frå desse
  • meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer
Generell kompetanse

Studenten

  • kan legge til rette for at alle elevar på ungdomssteget vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som deltek aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • kan vurdere eigen praksis som norsklærar med utgangspunkt i gjeldande læreplanar og faglege kunnskapar og innsikter

     

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og med støtte i digitale verktøy. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og med støtte i digitale verktøy. Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking gjennom heile studieprosessen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697

Arbeidskrav:

  • To skriftlege arbeidskrav på 1500 ord (+/- 10 %) med erfaringar og refleksjonar frå praksis knytt til læreplan og relevant teori. Den eine teksten skal vere skriven på bokmål og den andre på nynorsk. Til kvart av dei skriftlege arbeidskrava skal det inngå ein læringsfremjande respons til ein medstudent.
  • Gruppeoppgåve med digital forteljing og ein munnleg presentasjon. Studentane skal vise evne til refleksjon rundt arbeidsprosessen og produktet, samt didaktisk bruk av digital forteljing i klasserommet.
  • Ei didaktisk refleksjonsoppgåve knytt til datamateriale innsamla i eigen praksis
Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Kristin Kibsgaard Sjøhelle
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell1SemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakterBegge målformer skal nyttast i mappa for å sikre at studentane har kompetanse i både nynorsk og bokmålStudenten skal velje eitt av dei to skriftlege arbeidskrava og utvide dette til 2000 ord (+/- 10 %). I tillegg skal mappa innehalde ein refleksjonstekst på 500 ord (+/- 10 %) der studenten grunngjev valet og drøftar innhaldet i lys av fagdidaktiske mål, i tillegg til medstudentresponsen.
Målform: valfri målform på teksten, refleksjonsteksten skal vere på den andre målforma
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:1
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:Begge målformer skal nyttast i mappa for å sikre at studentane har kompetanse i både nynorsk og bokmål
Hjelpemidler:
Omfang:Studenten skal velje eitt av dei to skriftlege arbeidskrava og utvide dette til 2000 ord (+/- 10 %). I tillegg skal mappa innehalde ein refleksjonstekst på 500 ord (+/- 10 %) der studenten grunngjev valet og drøftar innhaldet i lys av fagdidaktiske mål, i tillegg til medstudentresponsen.
Målform: valfri målform på teksten, refleksjonsteksten skal vere på den andre målforma
Godkjent av: 
Anne Øie