MGL5-10NO1A Norsk 1A: Norsk på mellomsteget

Emnekode: 
MGL5-10NO1A
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
Undervisningssemester: 
2019 Haust
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

I norsk 1A er hovudtema knytt til formidling av norskfaget på mellomsteget. Studentane får ei innføring i grunnleggande faglege og fagdidaktiske emne, dei grunnleggande ferdigheitene og omgrep knytt til språk og litteratur, samt forståing av læreplanar. Sentrale emne er grammatikk og grammatikkdidaktikk, lese- og skriveopplæring på mellomsteget, analyse av og respons på elevtekstar, innføring i multimodalitetsteori, munnleg forteljing og høgtlesing og litteratur for barn og unge.

Hovudtemaet for praksis første studieår er lærarrolla, kontaktlærarrolla og lærararbeidet, og i norskfaget arbeider studentane mellom anna med den munnlege formidlingsevna til læraren og etablering av ein klasseromskultur. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har omfattande kunnskap om språket som system og språket i bruk i nynorsk og bokmål 
  • har brei kunnskap om lese- og skriveopplæringa på mellomtrinnet
  • har kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis
  • har kunnskap om eit utval saklitterære tekstar og skjønnlitterære tekstar, med vekt på litteratur for barn og unge
  • har kunnskap om munnleg kommunikasjon på mellomsteget og om å skape ein munnleg klasseromskultur
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk og bokmål, i ulike sjangrar og medium
  • har kunnskap språk og tekst i analyse og vurdering av skriftlege elevtekstar
  • har kunnskap om samisk språk, litteratur og kultur, samt andre nasjonale minoritetsspråk
  • kjenner til observasjon som relevant forskingsmetode i norskfaget
Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremme munnleg og skriftleg språkutvikling for alle elevar
  • kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekster i ulike medium
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klassesamtaler
  • kan bruke ulike metodar og ny teknologi i den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
  • kan gjere greie for faglege val som skal fremme munnleg og skriftleg språkutvikling hos elevar på mellomsteget
  • meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer
  • kan bruke ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre
  • kan bruke observasjon som relevant forskingsmetode i norskfaget 
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over norskundervisning i ulike emne og for elevar med ulik bakgrunn
  • kan legge til rette for at elevane på mellomsteget blir tekstkyndige, trygge språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale og digitale arenaer 
  • kan vurdere eigen praksis som norsklærar med utgangspunkt i gjeldande læreplanar og faglege kunnskapar og innsikter
  • har god munnleg formidlingsevne
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og med støtte i digitale verktøy. I samband med grammatikkundervisninga vil studentane møte internasjonale studentar og samtale om språk og språklæring. Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking gjennom heile studieprosessen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  1. Skriftleg prøve i språklege emne utan hjelpemiddel.
  2. Elevtekstanalyse på 2000 ord (+/- 10 %). Studentane skal arbeide prosessorientert med arbeidskravet.
  3. Munnleg arbeidskrav knytt til litteratur og litteraturdidaktikk med respons frå faglærar og medstudentar (om lag 15 minutt).

Det er obligatorisk frammøte til all undervising, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697. Studentane må vere budde på mindre oppgåver knytt til undervisninga i tillegg til arbeidskrava.

Sensorordning
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Maren Østrem Nesse
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Digital eksamenIndividuell6timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter Målform: Både nynorsk og bokmål (ei av oppgåvene skal skrivast på nynorsk og ei på bokmål).Ordliste og utdrag frå læreplanen. Eksamen inneheld to oppgåver som skal vektast likt.
Vurderinger:
Vurderingsform:Digital eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:6
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar: Målform: Både nynorsk og bokmål (ei av oppgåvene skal skrivast på nynorsk og ei på bokmål).
Hjelpemidler:Ordliste og utdrag frå læreplanen.
Omfang: Eksamen inneheld to oppgåver som skal vektast likt.
Godkjent av: 
Anne Øie