MGL5-10MA1A2 Matematikk 1A: Tal, statistikk og sannsyn

Varighet: 
2 semester
Emnekode: 
MGL5-10MA1A2
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
2020 Vår
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Dette emnet er fyrste del av Matematikk 1 for studentar som vel matematikk i grunnskulelærarutdanninga for 5-10. Gjennom emnet får studentane eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på trinn 5-10, med særleg vekt på mellomtrinnet. Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 1 i grunnskulelærarutdanninga for 5-10.

I emnet vil mellom anna følgjande tema bli vektlagt: Talsystem, utvikling av talforståing, rekneartane og utvikling av algoritmar, brøk, desimaltal, prosent, statistikk, sannsyn, grunnleggande ferdigheiter, læringsteoriar og arbeidsmåtar i matematikkfaget.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om talforståing, tallære, statistikk og sannsyn
  • har kunnskap om brøk, desimaltal og prosent, samanhengen mellom og ulike representasjonar for desse
  • har kunnskap om matematiske lærings- og utviklingsprosessar og ulike syn på læring av matematikk
  • har kunnskap om grunnleggande ferdigheiter i matematikk og progresjonen i desse
  • har kunnskap om bruk og vurdering av ulike læremiddel, som til dømes konkretiseringsmateriell, spel, læreverk og digitale verkty
  • har kunnskap om den historiske utviklinga til matematikken, med vekt på talsystem
  • har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald på barnetrinnet og ungdomstrinnet, med særleg vekt på mellomtrinnet og overgangen mellom trinna.
Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar med fokus på variasjon og elevaktivitet
  • kan bruke arbeidsmåtar som fremmar elevane si undring og kreativitet
  • kan kommunisere med elevar, lytte til, vurdere, gjere bruk av elevar sine innspel og stimulere elevane si matematiske tenking
  • kan tilpasse undervisninga til elevane, mellom anna ved bruk av diagnostisk undervisning
  • kan meistre norsk munnleg og skriftleg på ein kvalifisert måte.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • har innsikt i matematikkfaget si rolle knytt til andre fag, kvardagslivet og samfunnet elles
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet har ei tett kopling til praksisfeltet ved at det blir arbeidd systematisk med studentane sine praksiserfaringar. Studiet legg opp til varierte arbeidsformer, mellom anna sjølvstudium, individuell rettleiing, didaktisk refleksjon, utforsking, problemløysing og forelesingar. Arbeidsformene i emnet skal gi studentane høve til å utvikle kompetanse knytt til ulike læringsutbytteformuleringar både munnleg og skriftleg. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane, gjennom engasjement og initiativ, for å fremje eiga og medstudentar si læring.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Det er krav til obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane.

Arbeidskrav:

  • Tre didaktiske refleksjonsoppgåver. Kvar av dei skal vere på 500–800 ord. Grunnleggjande normer for akademisk skriving skal følgjast.
  • Ei skriftleg prøve på 3 timar i matematikkfaglege tema.

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Arne Kåre Topphol
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakterRekneark, kalkulator og eitt handskrive A4-ark.
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:Rekneark, kalkulator og eitt handskrive A4-ark.
Omfang: