MGL5-10EN1B Engelsk 1B

Emnekode: 
MGL5-10EN1B
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Engelsk 1B for 5-10 gir ei vidare innføring i engelsklæring og engelskdidaktikk i framhaldet av emnet 1A. Hovudfokuset på rolla som engelsklærar held også fram; emnet gir meir innsikt i og fleire reiskapar til å observere og reflektere over læraren si leiing av læringsprosessar, og læraren sine tankar kring val av læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.  Praksis vil i fyrste året ligge på mellomsteget, og emnet omfattar også ei innføring i kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa, og kunnskap om deira språkutvikling. Emnet omfattar studium av det engelske språksystemet, med fokus på kunnskap om lydsystemet i det engelske språket. Utvikling av eiga språkferdigheit står sentralt, med særleg vekt på munnlege ferdigheiter. I tillegg tek emnet føre seg eit vidt utval av tekstar, filmar og andre kunstuttrykk om den moderne engelsktalande verda, med særleg vekt på forteljande former retta mot barn- og ungdom.   

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten 

  • har kunnskap om korleis barn og unge lærer 2. og 3.-språk, om språklæringsteoriar, metodar og strategiar
  • har kunnskap om undervegs- og sluttvurdering av barn og unge si språklæring
  • har kunnskap om eit spekter av læremiddel og andre ressursar, mellom anna digitale ressursar, som kan brukast i opplæringa
  • har kunnskap om korleis ein kan tilpasse språkopplæringa til einskildeleven
  • har kunnskap om fleirspråklegheit som ressurs i klasserommet
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike typar akademiske tekstar
  • har kunnskap om engelske språklege strukturar, med vekt på lydsystem og uttale, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk på dette området
  • har kunnskap om digitale og andre former for historieforteljing og korleis dei kan motivere til læring
  • har kjennskap til eit utval av moderne kunstuttrykk, særleg for eldre barn og ungdom, samt ulike forteljemåtar 

 

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke engelsk munnleg og skriftleg, sikkert og sjølvstendig, tilpassa ulike målgrupper og situasjonar
  • kan legge til rette for variert og differensiert læringsarbeid som fremjar utvikling av kunnskap og ferdigheit hjå alle elevar, m.a. vidareutvikling av dei grunnleggjande ferdigheitene 
  • kan legge til rette for progresjon i overgangen mellom barne- og ungdomssteget
  • kan bruke fagkunnskapen didaktisk og reflektert i høve til gjeldande læreplan for grunnskulen og kritisk vurdere eiga undervisning
  • kan vurdere og bruke digitale og andre læringsressursar og verkty
  • kan bruke undervegs- og sluttvurdering for å rettleie elevar i den faglege utviklinga deira
  • kan lese, drøfte og samanfatte hovudpoenga i eit utval akademiske tekstar
  • kan bruke kunnskap om det engelske lydsystemet til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette elevane si språklæring og rettleie språkbruken til elevane
  • kan analysere forteljemåtar og bruke presis terminologi, og leggje til rette for elevane sitt arbeid med kunstuttrykk 
  • kan lage digitale og/eller andre typar historier for å fremje læring

 

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa elevar på 5.-10. steg
  • kan reflektere over eiga læring og praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
  • kan halde ved like og utvikle sin eigen språklege, kulturelle og didaktiske kompetanse 
  • kan lese og forstå akademiske tekstar for å fremje eiga læring

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg brukar vi ei rekkje digitale læringsressursar. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

a. obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar

b. eitt skriftleg arbeid over oppgitt tema på 1200 ord. Arbeidet skal vere basert på observasjonar frå praksis og reflektere over desse i lys av kunnskap frå pensumlitteraturen

c. ei kunnskapsprøve i fonetikk

d. ein munnleg presentasjon over eit fritt vald didaktisk tema (10 minutt), med IKT-støtte

e. ein logg med inntil 6 innlegg på minimum 100 ord kvar. Eitt av innlegga skal vere munnleg.

Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Vibeke Jensen
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
MappeeksamenIndividuell-A-F, der A er best og E er siste ståkarakter 50Omfattar det skriftlege arbeidet på 1200 ord og kunnskapsprøva i fonetikk (omarbeidde på grunnlag av tilbakemelding) og tre logginnlegg valde av studenten sjølv (sjå arbeidskrav)
Alle1800-2000 ord
Munnleg eksamenIndividuell25minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 50Munnleg eksamen basert på mappa og på pensum.
Mappa
Vurderinger:
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 50
Kommentar:Omfattar det skriftlege arbeidet på 1200 ord og kunnskapsprøva i fonetikk (omarbeidde på grunnlag av tilbakemelding) og tre logginnlegg valde av studenten sjølv (sjå arbeidskrav)
Hjelpemidler:Alle
Omfang:1800-2000 ord
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:25
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 50
Kommentar:Munnleg eksamen basert på mappa og på pensum.
Hjelpemidler:Mappa
Omfang:
Godkjent av: 
Anne Øie