MGL5-10PR1 Praksis 1, 30 dagar

Emnekode: 
MGL5-10PR1
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
*
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
2020 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Teaching practice 1
Emnenavn på bokmål: 
Praksis 1
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Hovudtema for praksisstudiet dei tre første studieåra (syklus 1) er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon  og læraren si tilrettelegging for læring av fag for 5.. til 10. trinn. Praksis 1 har hovudfokus på lærarrolla, kontaktlærarrolla og lærararbeidet.

Praksis i 1.studieår er på 30 dagar og er fordelt på tre praksisperiodar og 5 av dagane er observasjonspraksis. Studenten skal samarbeide med medstudentar om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervising med rettleiing frå praksislærar og faglærar. 

Studentane får eit første møte med det å vere lærar. Studentane skal nytte systematisk observasjon av praksislærar for å skaffe seg ei første innsikt i dei daglege oppgåvene i yrket. Observasjonane skal analyserast og rapporterast skriftleg som eit arbeidskrav i PEL-faget. I løpet av studieåret får studentane innføring i estetiske læringsprosessar gjennom øving i stemmebruk og kroppsspråk og leiing av ulike dramapedagogiske undervisningsopplegg. Dei skal også få ei innføring i teknisk og pedagogisk bruk av relevante digitale ressursar i skulen.

Praksistudiet har ein integrerande funksjon i grunnskulelærarutdanninga og føreset samarbeid mellom studentar, faglærarar, praksislærarar og skuleleiing. Praksis skal vere tilpassa studentane sine fagval. Faglærarar, praksislærarar og studentar samarbeider tett i planlegging, gjennomføring og etterarbeid i praksis. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om læraren og kontaktlæraren sine oppgåver og roller i skulen,
  • har kunnskap om klasseleiing, kommunikasjon, samhandling og relasjonsarbeid
  • har kunnskap om læreprosessar, tilrettelegging av undervisning, arbeidsmåtar og vurderingsformer som fremjar gode inkluderande klasse- og læringsmiljø
  • har kunnskap om grunnleggande ferdigheiter som grunnlag for læring
  • har kunnskap om observasjonsmetodar
Ferdigheiter

Studenten

  • har erfaring med å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning med utgangspunkt i nasjonale og lokale planer
  • kan bruke relevante digitale ressursar
  • kan diskutere og fagleg grunngi didaktiske og etiske val
  • kan planlegge og gjennomføre systematisk observasjon av læraren og lærararbeidet
  • kan kommunisere munnleg og skriftleg og nytte språket på ein kvalifiserande måte i profesjonssamanheng
Generell kompetanse

Studenten

  • har kunnskap om estetiske læringsprosessar, m.a. om eigen og elevens kroppsspråk og stemmebruk, og kan legge til rette for kreativ læring gjennom ulike uttrykk, formidling og framføring
  • kan diskutere undervisning og læring, fag og elevar i lys av profesjonelle og yrkesetiske perspektiv
  • Kan gjere seg nytte av ulike typar tilbakemeldingar frå praksislærarar, medstudentar og faglærarar til eiga læring og utvikling
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studentane vil normalt vere inndelt i praksisgrupper på 3-4 studentar og vere på ein praksisskule heile studieåret. Praksisen i fyrste studieåret vert delt inn i tre praksisperiodar.

I byrjinga på praksisopplæringa første året får studentane ansvar for avgrensa deler av timar og aktivitetar, Det blir øvd på enkeltelement som å starte ein aktivitet, samtale med elevar om faglege spørsmål, gje tilbakemeldingar, instruere, formidle og vurdere fagleg kunnskap osv. God klasseleiing er ei av dei utfordringane studentane må få erfaring med tidleg. Utetter i praksisperiodane i første studieåret blir dette ansvaret meir omfattande og utvida til å gjelde heile undervisningsøkter og fleire undervisningsøkter. Utfordringane går også frå å ha gruppevis ansvar for undervisning til å få eit individuelt ansvar. Det er forventa at studentane er aktive i observasjon og drøfting av erfaringar frå økter der dei sjølve ikkje har hovudansvar for undervisninga. Det er ein viktig føresetnad for å kunne utvikle forskarblikket i praksis. Studentane nyttar digitalt rettleiingsverktøy i praksis.

Før og etter kvar praksisperiode er det obligatoriske praksismøte med studentar, praksislærarar og faglærarar. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis. Manglande frammøte vil kunne føre til krav om eit individuelt kompensatorisk arbeid for å få godkjent praksis.

Arbeidskrav:Følgande arbeidskrav vere gjennomførte og godkjente:

  1. Arbeidskrav etter andre praksisperiode: Deltaking på seminar med drøfting av sentrale erfaringar om lærarrolla og/eller lærararbeidet. Nærare spesifisering i semesterplan/Canvas.
  2. Arbeidskrav før tredje praksisperiode: Gruppevis munnleg presentasjon knytt til førebuing (jf. dramaopplegg) til praksis. Nærare spesifisering i semesterplan/Canvas.
  3. Arbeidskrav etter tredje praksisperiode: Deltaking på seminar med drøfting av sentrale erfaringar frå undervisning. Nærare spesifisering i semesterplan/Canvas.

Sjå elles §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Sensorordning
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Oddvar Aalde
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individuell
30 Dagar
Stått eller ikkje stått
Praksislærar skal gje munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisperioden. Etter om lag 15 dagar skal kvar student ha skriftleg midtvegsvurdering.

Etter siste praksisperiode skal studenten ha sluttvurdering med karakteren Stått/Ikkje stått.
Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for praksislærar, rektor og faglærar i lærarutdanninga.
Godkjent av: 
Anne Øie