MGL5-10PE1 Pedagogikk og elevkunnskap 1: Læraren si tilrettelegging for læring og utvikling

Emnekode: 
MGL5-10PE1
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
Undervisningssemester: 
2019 Haust
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanning trinn 5-10. Emnet er første del av faget pedagogikk og elevkunnskap, og tilsvarar 13 stp. pedagogikk og 2 stp. religion, livssyn og etikk.

Emnet tek føre seg korleis læraren kan tilrettelegge for elevane si læring og utvikling på 5. – 10. trinn. Det vert teke utgangspunkt i fem område som grunnlag for utvikling av profesjonskompetanse. Desse områda er lærarrolla, læringsteori, didaktikk, læringsleiing og profesjonsetikk. Det er læraren sitt arbeid i møte med eleven, elevgruppa og lærestoffet som er i sentrum. Forskingsbasert kunnskap om læring og undervisning står sentralt, og studentane skal få ei første erfaring med forskingsarbeid knytt til praksis.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om

* læringsteoriar og sentrale prinsipp for fremjing av gode læringsprosessar for elevar på mellom- og ungdomstrinnet

* sentrale didaktiske prinsipp i undervisningsarbeidet

* teori om utvikling av læringsmiljø og grunnleggande prinsipp for læringsleiing på mellom- og ungdomstrinnet, herunder kontaktlærarrolla

* observasjon som metode

* etisk teori og grunnleggande profesjonsetiske prinsipp og dilemma som regulerer undervisning og læring i skulen

* dei grunnleggande ferdigheitene som ressurs for læring på mellomtrinnet, og med fortsetting på ungdomstrinnet

* sentrale styringsdokument i skulen

* lærarrolla i det fleirreligiøse og livssynsmangfaldige klasserommet

Ferdigheiter

Studenten kan

* planlegge og leie undervisningsarbeid i samsvar med faglege og profesjonsetiske prinsipp og gjeldande læreplanverk

* engasjere seg i læringsfremjande relasjonar med elevar

* diskutere og fagleg begrunne didaktiske og etiske val

* planlegge og gjennomføre systematisk observasjon

meistre norsk munnleg og skriftleg på ein kvalifisert måte

Generell kompetanse

Studenten kan

* på eit reflektert og fagleg grunnlag vere i dialog med eleven om læring og utvikling

* innta ei lærarrolle som er i samsvar med grunnleggande profesjonsetiske og faglege prinsipp

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt. Arbeidskrava har til hensikt å støtte studentane i deira læringsprosessar, gjennom rettleiing og øving i munnlege, skriftlege og digitale uttrykksformer. I og med at dette er studentane sitt første møte med faget pedagogikk og elevkunnskap, legg ein særleg vekt på munnleg og digital dialog om studentane sine praktiske erfaringar og deira teoretiske forståingsmåtar.

Studentane skal gjennomføre systematisk observasjon av læraren sitt arbeid, analysere og rapportere denne skriftleg. Gjennom dette vert dei kjende med observasjon som vitskapleg metode, får kjennskap til kva læraren sitt arbeid kan dreie seg om, og får ei første innføring i akademisk skriving i faget.

Eksamen i emnet er ein skriftleg skuleeksamen, som etterspør kunnskap om sentrale innhaldselement som er grunnleggande for profesjonell utøving av læraryrket.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

  • Ei skriftleg, gruppebasert oppgåve på inntil 2000 ord, bygd på systematisk observasjon av lærarens sitt arbeid
  • Ein individuell, teoretisk refleksjonstekst på inntil 1200 ord 
  • Ein munnleg presentasjon av eit sentralt tema frå pensumlitteraturen
  • Aktiv deltaking i seminara knytt til dei munnlege arbeidskrava

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Reidunn Johanne Tvergrov Øye
Emnet inngår i følgande studieprogram
Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell4timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:4
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Anne Øie